Nasjonal bibliotekstrategi – referat frå strategisk råd

Nasjonal bibliotekstrategi skal gjennomførast mellom 2020–2024, og strategisk råd skal rådgje Nasjonalbiblioteket i arbeidet.

Årets fyrste møte fann stad i Mo i Rana. På rådsmøtet fekk medlemmane presentert ein statusgjennomgang av strategien, før det var rundar med diskusjon rundt spesifikke tema som digitalt innhald og digitale tilgangar, fjernlån og utviklingsmidlar. I tillegg fekk medlemmane omvising og orientering i Nasjonalbiblioteket si verksemd i Mo.


Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet som møtes kvart halvår. Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.