Innføring i reglane for korrekt bruk av bilete på nettet

I fleire tilfelle har folkebibliotek fått erstatningskrav frå opphavsperson etter å ha posta bilete dei har funne på nett, utan å sikre seg løyve fyrst.

Det er fort gjort å trakke feil når ein skal følgje åndsverklova i praksis. I eit tilfelle hadde biblioteket handla i god tru om at biletet dei fann, var til fritt bruk. Biletet viste ikkje noko særmerkt, som person eller stad, og kunne oppfattast som rein illustrasjon. Likevel var det rettar knytt til opphav. Opphavspersonen la fram krav om vederlag i etterkant, og biblioteket måtte betale.

Sjølv om det i saka kunne vore eit spørsmål om skjønn, hadde biblioteket verken ressursar eller tid til å stride mot skuldspørsmålet, og valde å betale.

For at ditt bibliotek skal sleppe å hamne i ein liknande situasjon, har vår jurist ved Nasjonalbiblioteket laga ei innføring i bruken av bilete på internett og i sosiale medium. Her finn du dei viktigaste hovudprinsippa innafor åndsverklova, og dei viktigast reglane å vite om.