Me snakkast!

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Bømlo bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass
Samlet støtte:400 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014, 2015, 2016

Søknad

Rapporter

Andre filressurser

Mål

Mål for prosjektet:
Ungdom i Sunnhordland skal bli aktive samfunnsdebattantar.

For å oppnå dette vil vi:
1. Styrkje biblioteka i Sunnhordland som møtestader og arena for samtale og debatt, ved å skape gode partnarskap , tilretteleggja biblioteklokala og auke kompetansen i biblioteka.
2. Styrkje ungdom si deltaking, kompetanse og kunnskap kring temaet debatt, ved å samarbeide med ungdom, organisasjonar, fagpersonar og skular.

Resultatmål:
Vi vonar å oppnå:
1. Opprette samarbeid med fleire eksterne aktørar, som skal vidareførast etter at prosjektet er slutt.
2. Gjere biblioteklokala til gode møtestader og arena for samtale og debatt.
3. Arrangere minst to debattar i dei 8 kommunane som deltek.
4. Utvikle kompetanse på debatt-arrangering.
5. Få fleire ungdomar til å nytte biblioteklokala.
6. Lage ein regional modell for deling og utvikling av arrangørkompetanse.

Beskrivelse

Samandrag:
Vi er eit biblioteksamarbeid i Sunnhordland som består av 8 kommunar. Vi ynskjer å få ungdom til å delta på debattar i biblioteka våre. I første fase av prosjektet vil vi skape kontaktar og opprette samarbeid med lokalaviser, organisasjonar, fagpersonar og skular. Vi vil ruste opp biblioteka til å bli gode debatt-arrangørar, ved å få betre kompetanse og utstyr. I fase to vil vi arrangere ei rekke debattar i biblioteka der ungdom skal vera med som debattantar og delvis medarrangørar. Vi vil lage ein regional modell for deling og utvikling av arrangørkompetansen vi tileignar oss. Serskilt med tanke på korleis vi som eit regionalt biblioteksamarbeid kan dra nytte av kvarandre. Gjennom samarbeid med Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar vil vi ha gode høve for å spreia denne modellen gjennom nettverket deira.

Prosjektbeskrivelse

1. Kven er vi?
Vi er eit biblioteksamarbeid i Sunnhordland som består av 8 kommunar som ynskjer å få ungdom til å delta på debattar i biblioteka våre. I første fase av prosjektet vil vi skape kontaktar og opprette samarbeid med lokalaviser, organisasjonar, fagpersonar og skular. Vi vil ha fokus på å vidareføre desse samarbeida også etter prosjektslutt. Vi vil ruste opp biblioteka til å bli gode debatt-arrangørar, ved å få betre kompetanse og utstyr. I fase to vil vi arrangere ei rekke debattar i biblioteka der ungdom skal vera med som debattantar og delvis medarrangørar. Vi vil lage ein regional modell for deling og utvikling av arrangørkompetansen vi tileignar oss. Serskilt med tanke på korleis vi som eit regionalt biblioteksamarbeid kan dra nytte av kvarandre. Gjennom samarbeid med Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar vil vi ha gode høve for å spreia denne modellen gjennom nettverket deira.

1.1 Organisering:
Svein Olav Langåker er redaktør i framtida.no og vil ha rolla som prosjektleiar. Han har mykje kompetanse, erfaring og gode kontaktar som gjer at han er godt eigna som prosjektleiar. Vi vil bruke kompetansen hans til opplæring av tilsette og elevar.

2.Målgrupper:
Målgruppa vår er ungdom. Vi vil at ungdom skal delta i debattane og vi vil ha fokus på kunnskapsoppbygging og bevisstgjering av deltakarane i forkant av debattane. Vi vil også involvere dei i sjølve arrangeringa. Vi vil samarbeide med lærarar og ha debatt som tema i ein skuletime der vi tilbyr skulen å få besøk av ein person med kunnskap om tema.
Vi ynskjer at fleire ungdom skal nytte biblioteks sitt tilbod, dette er ein måte å få ungdom inn i lokala våre.
3. Samarbeid/partnarskap:
Vi vil samarbeide med ulike eksterne partnarar. Den viktigaste samarbeidspartnaren vår vil være framtida.no. Nettavisa blei starta av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, ABC Startsiden og Landslaget for lokalaviser i 2010, og samarbeider med 20 lokalaviser.
Vi vil sjå på kva erfaringar Voss bibliotek har gjort seg med prosjektet: «Vidare enn Voss», der målsetninga har vore å gjera nye Voss bibliotek i kulturhuset meir attraktivt og tilgjengeleg i samarbeid med brukargrupper og friviljuge lag, inspirere til lesing og skapa offentleg debatt. Vi vil prøve å vidareføre erfaringane deira kring samarbeid med å utvide det til å gjelde skular og lokalaviser.

3.1 Media:
Vi vil kontakte lokalaviser i Sunnhordland og prøve få til eit samarbeid. Vi ynskjer at dei kan vera med å dekkja eller delta i debattane. Vi ser for oss at debattane kan overførast på nettvideo, og i etterkant opna for at ordskiftet held fram på nett på Framtida.no, biblioteksamarbeidet sin nettstad sunnbib.no eller lesarbrevspaltene i lokalavisene. På denne måten kan dei som ikkje vil snakke i sjølve debatten få ytra meiningane sine i etterkant.
Lokalaviser vi vil invitere til samarbeid er: Grannar, Kvinnheringen, Grenda, Tysnes, Sunnhordland, Marsteinen, Vestavind, Fitjarposten og Bømlo-nytt.

3.2 Ungdomsråd og ungdomsorganisasjonar:
For å få engasjement og innspel frå ungdom ynskjer vi å samarbeide med ungdomsråd og ulike ungdomslag i dei ulike kommunane. I 2015 er det kommuneval og vi ynskjer å arrangera politiske debattar lokalt.
Ungdomsråd og organisasjonar kan bidra med initiativ til aktuelle debatt-tema og innsikt i kva ungdom er opptekne av. Vi ynskjer å auka deira kompetanse innan debatt. Alle kommunar har ungdomsråd og desse vil bli kontakta i første fase av prosjektet. Døme på ungdomsorganisasjonar som vi vil kontakte er: politiske ungdomsparti, speidar, 4H etc. Minimum 2 organisasjonar vil bli kontakta i kvar kommune med tanke på eit samarbeid.

3.3 Vidaregåande skular:
Vi ynskjer å samarbeide med vidaregåande skular. Gjennom samarbeidet ynskjer vi å få eit gjensidig initiativ til debatt-tema. Vi ynskjer å mobilisere elevar til debatt gjennom å samarbeide med lærar og sende ein person som skal orientere om debatt. Vi vil engasjere elevane til å vera med på sjølve arrangeringa av debattane slik at dei får eit eigarskap og lærer litt om korleis ein arrangerer ein debatt i praksis. Kanskje kan dette inspirere til å arrangere debattar sjølv t.d. i skulesamanheng? Nokre vidaregåande skular har medielinje vi vil freiste å samarbeide med desse med tanke på å trene elevar som debattleiarar og intervjuarar. Dei kommunane som ikkje har vidaregåande skular vil samarbeide med ungdomsskular.

3.4 Samarbeid med spesialrådgjevarar:
Dei fleste kommunane i Sunnhordland har SLT- koordinatorar (SLT står for: Samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet) og folkehelsekoordinatorar. Vi ynskjer å opprette kontakt med desse for å få innspel til aktuelle debatt-tema, få innsikt i aktuelle problemstillingar på ungdomsfeltet og få tips til gode innleiarar og eventuelle debattleiarar.

4.Regional modell for deling og utvikling av arrangørkompetanse:
For dei fleste biblioteka er dette eit nytt fagfelt og derfor treng vi kompetanseheving.

– Vi vil gjennom studiereiser og eventuelle kurs opparbeide oss kompetanse. Hordaland fylkesbibliotek vil gjennom sitt prosjekt; ”sterk spenstig og klar” tilby kurs i arrangørkompetanse som vi vil dra nytte av i prosjektet.
– Vi ynskjer å lage ein modell for å utvikle og dele arrangørkompetansen vi tileignar oss undervegs. Vi vil utarbeide metodar for å dele kunnskapen mellom biblioteka på ein god og effektiv måte, slik at alle kan ta del i erfaringar dei ulike biblioteka gjer seg. Vi vil sjå på korleis vi som eit regionalt biblioteksamarbeid kan arrangera gode debattane i alle biblioteka.
– Vi vil ta utgangspunkt i Buskerud fylkesbibliotek si «Kokebok for debatt i biblioteket» når vi skal planlegge og lage arrangement. Vi ynskjer å vidareutvikle dette prosjektet og lage ein modell der vi viser korleis vi i eit regionalt samarbeid kan dele erfaringar og kompetanse.

5. Teknikk og tilrettelegging av lokalitetar:
For å setja biblioteka i stand til å ta på seg rolla som profesjonelle debattarenaer må det ei opprusting til av bibliotekslokala. Her er det snakk om innkjøp av teknisk utstyr som mikrofonar, prosjektorar og høgtalaranlegg. Nokre av lokala treng tilrettelegging i form av nye stolar, talarstolar, podier m.m. Med slik tilrettelegging håpar me at dei fleste biblioteklokala kan eigna seg som gode debattarenaer. Me treng og opplæring i å bruke det tekniske utstyret. Dette vil vera ein del av prosjektet.
Noko kompetanse på dette feltet reknar vi med å få gjennom Hordaland fylkesbibliotek sitt prosjekt; ”Sterk spenstig og klar”.

6. Framdrift:
Vi deler prosjektet opp i 3 hovedfaser.
-I første fase vil vi gjera førebuingar til debattane. Vi vil kontakte samarbeidspartnarar og klargjera biblioteka for debattar. I denne fasen vil me også søkja om utviklingsmidlar og sponsing andre stader. Me vil søkje om midlar frå fritt ord, lokale bankar og kraftlag.
-I andre fase vil vi arrangera debattane og gjere oss erfaringar som me vil dele vidare.
-I tredje fase vil vi systematiser og dele dei erfaringane vi har gjort oss gjennom prosjektet. Vi vil og lage ein plan for vidareføring av samarbeida etter prosjektslutt.
For meir detaljar sjå handlingsplan.