Leseløft for nynorsk-litteraturen

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Sunnfjord bibliotek
Prosjektkategori:Fritt forsøk
Samlet støtte:300 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2018, 2019, 2020

Søknad

Rapporter

Lenker

Mål

Målet med prosjektet er å utvikle eit litterært arrangørledd som kan sørge for nettverk og dialog mellom forlag, forfattarar, andre folkebibliotek og kulturaktørar elles i vestlandsregionen: Formålet med dette samarbeidet er å synleggjere og løfte fram ny, nynorsk litteratur. Førde bibliotek vil invitere alle aktuelle samarbeidspartar til eit felles litterært sommar-symposium over to dagar i juni 2018. På symposiet vil programutvikling, kunstnarleg innhald, turnesamarbeid, økonomisk samarbeid, marknadsføring og profilering av ei arrangementsrekkje knytt til den nye, nynorske litteraturen vere kjerna i dagsorden.

Beskrivelse

Førde bibliotek har gjennom eit breitt samarbeid med forlag og forfattarar, folkebiblioteka i vår region, samt aktørar i kulturfeltet elles tatt initiativ til å utvikle eit nytt litterært arrangørledd i vestlandsregionen: Rom for ord. Elles i landet ser vi korleis dei nye litteraturhusa innber eit utvida litterært kulturtilbod i dei større byane. I distrikta må vi gjere dette på ein annan måte. Førde bibliotek ser etter korleis eit friare litterært arrangørledd kan utviklast slik at det også styrkjer folkebiblioteka i vårt distrikt. Formidlinga kan gjerne finn stad på andre scener i våre byar, bygder og grender. Biblioteket kan likevel vere samarbeidspart og medarrangør!

Vår ambisjon er å utvikle fire, nye litterære program som inneber møter med forfattarar som skriv på nynorsk. Målet er at kvart program kan turnere i vårt distrikt gjennom det nye nettverket vi utviklar, både i bibliotek men og på andre arenaer, der det er meir høveleg.Minst eit av dei 4 arrangementa årleg skal knytast til barne- og ungdomslitteratur.

Som fylkes-senter i Sogn og Fjordane har Førde kommune vedteke ein ambisjon om å vere «Nynorskby». I dette ligg det mellom anna ei klar målsetting om at Førde bibliotek skal spele ei aktiv rolle i utviklinga av det litterære kulturtilbodet i regionen, særleg knytt til det nynorske. «Leseløft for nynorsk-litteraturen» har ei todelt framdriftsplan: For det første vil Førde bibliotek invitere til eit felles seminar i juni 2018 der dei ulike aktørane arrangør-fellesskapet kring «Rom for ord» vert inviterte. For det andre vil dei programplanane og samarbeidsmodellane ein vert einige om på dette seminaret bli lagt til grunn for arrangmentsrekkja «Leseløft for nynorsk-litteraturen» i 2018-2019. Målet er at sommar-symposiet vert ein årleg møtestad for arrangørane i nettverket «Rom for ord», der tilsvarande programplanlegging knytt til nye leseløft for nynorsk-litteraturen vert lagt til rette for også i framtida.

Alle 26 kommunane i fylket har nynorsk som administrasjonsspråk og 97 prosent av grunnskuleelevane har nynorsk som opplæringsmål. Folk flest i Sogn og Fjordane held på målet sitt og den nynorske skriftforma. Som eit av dei største biblioteka i regionen har vi som oppgåve å styrke nynorsk som eit levande bruksspråk. Men når ein ser på utlånsstatistikk over dei mest utlånte bøkene ved biblioteka i regionen har dei få nynorske titlar. Målet med prosjektet er aktiv formidling og synleggjere den nynorske litteraturen med litterære arrangement. Eit samarbeid med den Regionale skulesekken vil gje eit meirbruk av forfattarar som er involvert i planlagt program for skule og barnehage i regionen.