Ein veg inn i lokalsamfunnet
Søknad
Rapporter
Lenker
Mål
Biblioteket skal vera ein arena for læring og utveksling av erfaringar kring organisasjonsarbeid, frivilligheit og deltaking i lokalsamfunnet.
Målgruppe: Serskilt fokus på framandspråklege, men ope for alle deltakarar.
Beskrivelse
Me ynskjer å inspirere deltakarane i prosjektet til å bli meir engasjert i frivillig arbeid og organisasjonsliv. For å få dette til vil vi knytte til oss nye samarbeidspartnarar, få ny kompetanse og utvikle nye tenester i biblioteket.
Me ynskjer å samarbeide med voksenopplæring og asylmottak for å nå målgruppa til prosjektet, men kursa vil vera opne for alle.
Tiltak:
1. Kurs/seminar: Informasjon frå ulike lag og organisasjonar som ynskjer medlemmer, kva vil det sei å bli med i ein organisasjon som frivillig? Inspirasjon!
2. Skaffe, kurse og motivere mentorar som kan hjelpe brukarane til å starte organisasjonar eller treng hjelp til å delta aktivt med t.d. styrearbeid.
3. Kurs/seminar: Korleis er det å vera med å styre ein organisasjon? Praktisk og enkel informasjon om organisasjonsarbeid.Her kan ein også få støtte frå ein mentor om ein treng rettleiing eller hjelp.
4. Kurs i korleis ein kan starte ein organisasjon sjølve, her med tett oppfølging av dei som ynskjer starte noko sjølve, med ein mentor som kan støtte og hjelpe undervegs.
5. Bruke biblioteket som møtestad for organisasjonsarbeid, tilby møterom, andre fasilitetar (kopi, scanning, data, internett etc.)
6. Opparbeide kompetanse hjå bibliotekstilsette slik at vi kan bidra som ressurssenter og servicepunkt.
Det ligg mykje god lærdom i organisasjonsarbeid. Fleire frivillige organisasjonar ynskjer større deltaking frå framandspråklege, me ynskjer å informere om dette og gjera terskelen lågare for å delta både som frivillig og vera aktiv i styre og stell. Me vil ha fokus på alle dei positive sidene med frivillig arbeid slik som; nettverksbygging, sosialt felleskap og læring. Målet er at organisasjonslivet skal bli rikare og betre spegle befolkningssamansetninga.
Mange kan ha trong for å starte ein organisasjon der eigne eller andre sine interesser vert ivaretekne. Dette kan bidra til myndiggjering og føre til betre samspel med andre aktørar i samfunnet. For å få dette til har mange trong for opplæring og hjelp undervegs. Me ynskjer å knytte til oss frivillige som kan fungere som mentorar i dette arbeidet, ofte dukker det opp konkrete problemstillingar som ein treng hjelp til der og da. Biblioteket vil fungere som eit knutepunkt, vera støttespelar og bidra med kompetanseheving til mentorane.
For at prosjektet skal fungere vil biblioteket inngå nye samarbeidsformer og partnerskap med frivillige organisasjonar, frivillighetssentralen, folkehelsekoordinator,voksenopplæring og asylmottak, samarbeid me håpar vil fortsetja også etter prosjektslutt.
Gjennom å bli eit ressurssenter og servicepunkt utviklar biblioteket nye tenester. Erfaringar frå eit slikt prosjekt kan komme bibliotek og andre institusjonar til gode.
Me ynskjer å utvikle metodar slik at me kan fortsetja deler av arbeidet også etter prosjektslutt.