Lenger ut!

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Gloppen bibliotek
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024

Søknad

Mål

Vi er i sluttfasen av gjennomføring av formidlingsprosjektet LESE-I-LAG – Shared Reading i Gloppen, med midlar frå Nasjonalbiblioteket. Vi ynskjer å nå ut til fleire ulike grupper. Vi vil tilby Shared Reading – og andre former for litteraturformidling. Vi vil nå lenger ut!

Beskrivelse

Kvifor?
1) Sjølv med stor variasjon i gjennomføringa av Shared reading når vi i hovudsak ut til det vi kan kalle ei “kjernegruppe” av litteraturinteresserte. Vi trur det er fleire der ute som vil ha glede av slik nærlesing, som Shared Reading-metoden gir høve til. Metoden er også med på å skape unike felleskap.
2) Med inspirasjon frå Halden bibliotek, som har hatt bokprat på ulike arbeidsplassar, ynskjer vi med “LENGER UT” å variere med ulike former for litteraturformidling – utanfor bibliotekrommet.
3) Formidling og kontakt med enkeltpersonar har endra seg med utlånsautomat og Meirope-bibliotek. Bibliotektilsette når ikkje like mange med direkte kontakt og ein-til-ein formidling lenger. Dette krev at vi arbeider annleis. Vi må styrke kompetanse og profesjonalitet med både gamle og nye metodar, både Shared Reading, og meir tradisjonell bokprat og høgtlesing – på nye areaner.

Korleis?
Vi ynskjer å nå nye grupper, både ungdom i ulik alder og vaksne som kan hende ikkje har eit aktivt forhold til lesing og litteratur. Ved å gje eit litterarturtilbod der mottakar kan velge form, t.d. eit treøkters-tilbod med Shared reading eller kort bokprat/korte litterære program, eller simpelthen høgtlesing av eit enkelt dikt. Det kan vere i lunsjpauser, på personalmøte, eller på sosiale samankomstar på fritida.