Høgtlesing for dei over 13

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Midt-Telemark bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Rapporter

Tilleggsinformasjon

  • Prosjektet er litt utsatt. Avsluttes april 2022.

    Publisert: 14. desember 2021

Mål

Målet er å auke lesegleda blant ungdommar, vaksne og eldre gjennom høgtlesing. Både å bli lese for, men og gjennom å lese for andre. Biblioteket skal bli meir synleg og vise aktualiteten sin overfor desse gruppene. Dette skal igjen føre til auka utlån og at fleire besøker Midt-Telemark bibliotek.

Tidsramme:
Februar – mai 2021: Besøke klasser på ungdomskulene/
April – november: Besøke eldresenter/ sjukeheimar
April – november: Besøke Vaksenopplæringa
Juni, august – oktober: Lesing i parkar/ bibliotek
November: evaluering, vidare drift

Beskrivelse

Midt-Telemark bibliotek ønskjer å lage ein bibliotekplan for den nye kommunen, og arbeidet så vidt starta. Vi vil i året som kjem jobbe med å gjere det meir kjent kva biblioteket kan vere for den einskilde, og vi ønskjer å komme i tettare kontakt med innbyggarane for å utvikle tenestene. Vår inngang til dette skal vere høgtlesing. På ulike vis vil vi teste om høgtlesing kan vere ein verdifull og effektiv metode for å formidle litteratur og biblioteket sine tenester på. Det vil bli tilpassa målgruppene, men vi ønskjer i stor grad å fokusere på at dei frammøtte les for kvarandre. Her blir val av bøker særs viktig. Den gode teksten skal vere i fokus. Ofte kjem vi til å starte med at ein bibliotekar les høgt, og det blir viktig å skape ei trygg og god ramme rundt vidare høgtlesing i smågrupper, eller to og to. Målet er at det som fungerer får plass i drifta etter prosjektperioden.
Basert på førre søknadsrunde, og med ein del endringar, ønskjer vi å søke om midlar til aktiv formidling med fokus på følgande målgrupper:

1. Folkebiblioteket inn i klasserommet, ungdom inn i folkebiblioteket
Ungdom er ei utfordrande målgruppe, og vi ønskjer å teste ut konseptet på alle ungdomsskuleklassene i kommunen. Bibliotekaren besøker alle trinn, les litt høgt, og lar dei velgje seg ei bok (basert på omslaget) der dei skal lese eit, på førehand utvald, utsnitt høgt for kvarandre, inndelt i små grupper. Her kan det tilpassast individuelt i samråd med lærar. Vi vil ha fokus på å skape ei avslappa atmosfære, og det vil ikkje bli snakka noko særleg om innhaldet i tekstane etterpå, men kanskje om opplevinga av å lese høgt for nokon, og å bli lese for. Vi lurer på om denne måten å formidle på kan skape ei ny kopling mellom ungdom og litteratur. Og særleg spente er vi på om det kan auke lesegleda til denne aldersgruppa. Det må vere mogleg å låne bøkene dei les i frå. Utvalet blir utruleg viktig, at tekstane treff. Det kan vere fagtekstar, romanar, noveller, dikt, tøyserim, bildebøker. Henta frå hyllene ungdom, barn og vaksne.
Vi ønskjer å følgje opp klassebesøka med invitasjon til ein ettermiddag/kveld på biblioteket, eller på «Ung Arena», der vi igjen plukkar ut tekstar som dei som kjem kan lese høgt for kvarandre frå. Vi er spente på om dette kan føre til at ungdom pratar meir om litteratur, om dei les høgt for kvarandre på eiga initiativ. Om lærarane merkar ein forskjell, om interessa for litteratur og lesing har endra seg. Om det kjem nokon på ettermiddagen til høgtlesing, og om vi får auka utlånet av ungdomslitteratur.

2. Folkebiblioteket inn på eldresenter, nokre eldre inn på folkebiblioteket
Biblioteket vil gjere tenestene kjent for dei eldre i kommunen som ikkje brukar biblioteket i dag, og finne ut korleis dei ønskjer å ta i bruk tenestene. Aktuelle institusjonar vil få besøk av bibliotekar. Planen er å lese litt høgt, for så å informere om tilboda vi har, og komme i dialog med dei eldre om korleis biblioteket kan bli ein (større) del av kvardagen deira.
Ut i frå dialogen, vil biblioteket utvikle eit tilbod. Vi ønskjer å kome fram til noko som kan bli ein fast del av drifta, gjerne med faste møtepunkt med høgtlesing på institusjon, høgtlesing i biblioteket eller liknande. Ønskjer dei å få individuell hjelp på biblioteket i eller før opningstid, eller kan det vere eit fint mål for ein rusletur?

3. Folkebiblioteket til Vaksenopplæringa, språksultne inn i biblioteket
Høgtlesing skal vere utgangspunktet for at ein bibliotekar besøker alle klassene på Vaksenopplæringa i kommunen, og fortel om biblioteket sitt tilbod. Klassene blir invitert til å kome til biblioteket med læraren, og vi presenterer eit godt utval til høgtlesing/lån. Vi vil legge til rette for dialog rundt kva dei ønskjer seg av biblioteket.
Vi ønskjer og å teste ut høgtlesing i staden for den tradisjonelle språkkafeen, og lurer på om fleire norske vil møte opp for å lese utvalde tekstar høgt for utlendingar som vil lære norsk. Vi har i dag ikkje språkkafé i regi av biblioteket.

4. Folkebiblioteket ut i parkane, folk inn på biblioteket
Får vi tid, så har vi veldig lyst til å prøve å fasilitere høgtlesing for «alle». Arena vil nok bli kommunens ulike parkar/ torg og biblioteklokale. Det kan vere ein bibliotekar som les, og så blir det høgtlesing to og to, eller berre ein av delane. Her må vi prøve oss fram. Den gode teksten blir det viktige. Vi er nysgjerrige på om høgtlesing i vaksen alder kan vere interessant og verdifullt. Opplevinga av å lese teksten høgt for nokon, og å bli lese for; gjer det noko med oss? Biblioteket ønskjer å lage eit rom (i tid og stad) for å møte andre, og å møte tekst. Kan vi gjennom høgtlesing lettare formidle andre, «stille» delar av samlinga, enn vi gjer når vi snakkar om boka? Vil det vere god stemning, eller er det å lese høgt for nokon kleint? Dette må planleggast og formidlast godt