Godt kvardagsliv med bibliotek
Søknad
Rapporter
Mål
Eit godt kvardagsliv som bibliotekbrukar heile livet i Sunnfjord kommune.
Målet for tiltaket er auka bruk og utvikling av bibliotektenester for eldre i kommunen med fokus på formidling av litteratur, digitale bibliotektenester, folkeverkstad og biblioteket som møteplass for eldre gjennom samskaping.
Beskrivelse
Korleis kan vi som bibliotek møte de ulike behova til spreke, aktive pensjonistar på 60+ og dei som ikkje har hengt med i den digitale utviklinga? Kva trenger vi av kunnskap, kven vil være våre beste samarbeidspartnarar, korleis kan vi nytte eldre som ressurs og frivillige, og kva vil være relevante bibliotektenester for innbyggjarane gjennom heile livet?
Regjeringa la fram St.meld nr. 15 (2017-2018) «Leve hele livet – en kvalitetsreform for eldre» for å sikre ein ny og berekraftig politikk slik at alle innbyggjarane skal får ein god og trygg alderdom. Det handlar både om betre tenester og tilbod, men også om eit samfunn der eldre får brukt sine ressursar. Samfunnet framover vil bli prega av at vi blir fleire eldre. Sunnfjord kommune vil ha den same utviklinga og folketalsframskrivingar syner at vi i 2040 vil vere over dobbelt så mange personar over 80 år som i dag.
Biblioteka i Sunnfjord kommune har 6 folkebibliotek og tradisjonelt har vi hatt ei stor brukargruppe over 60+ ved alle biblioteka. Dei seinare åra har biblioteka endra seg, og 4 av 6 bibliotek er no kombinasjonsbibliotek med grunnskule. Desse biblioteka har ein nedgang i eldre lånarar og har naturleg nok auka fokus på biblioteketenester for barn og unge. Sjølv om vi ser at nokre seniorar er aktive lesarar, aktive i bokklubbar, strikkeklubbar og deltek på ulike arrangement når vi ikkje godt nok ut til den aukande eldre delen av befolkninga.
I prosjektet ynskjer vi gjennom samskaping gje tenester ved biblioteka for å møte ei framtid i byen og grendene med fleire eldre, fleire eldste eldre og høgare andel eldre blant innbyggjarane. Vi ynskjer å nytte tenester innan formidling av litteratur, folkeverkstad, digitale løysingar og biblioteket som møteplass for å skape eit meir aldersvenleg samfunn der eldre kan vere aktive og sjølvstendige i kvardagen som biblioteksbrukarar.
Målgruppa for prosjektet er eldre over 65 år, både dei som bur heime og dei som bur i institusjon. Samarbeidspartnarar vil være lokale eldsjeler, Seniornett Førde, frisklivssentralar, pensjonistlag i byen og bygdene.
Hovudbiblioteket i Førde ser på moglege løysingar for eit folkeverkstad i samarbeid med Førdehuset. I samanheng med dette ynskjer vi å sikre at tilbodet vil fungere godt også for eldre. Vi ynskjer å sjå på korleis ein kan legge til rette for at denne målgruppa kan være aktive bidragsytere med kompetanse og aktivitetar i eit bibliotek med folkeverkstad.
Midlane vil her bli brukt til frikjøp av personale for møter og dialog med lokale eldsjeler og pensjonistlag for å skape gode aktivitetar for denne målgruppa i eit folkeverkstad.
Ved nyttår vil 3 av 6 bibliotek være meiropne bibliotek. Vi ser at eldre lånarar ikkje nyttar seg av dette tilbodet på lik linje med yngre. Vi ynskjer å bruke ressursar på å gje god opplæring og sikre at dei eldre lånarane vert trygge på nye digitale bibliotektilbod og tilgangstenester.
Midlane vert brukt til frikjøp av personale for deltaking på møter/kurs for pensjonistlag, institusjonar og møteplassar for eldre.
Vi ynskjer å styrke litteraturformidling for målgruppa ved alle biblioteka mellom anna ved å nytte Shared Reading. Høytlesning og samtale er element som gjev ro og ein er tilstades i notida, tempoet går ned og fokuset aukar. Metoden passar for alle aldersgrupper og vi ynskjer å prøve dette ut med eldre brukargrupper på institusjonar. Biblioteket vil utdanne tilsette i metoden og bruke det ut i samarbeid med frisklivssentralar og rehabiliteringsinstitusjonar.
Midlane vert brukt til frikjøp av personale ved biblioteka i kommunen for litteraturformidling ved helseinstitusjonar.
Målet med prosjektet er eit godt kvardagsliv som bibliotekbrukar heile livet i Sunnfjord kommune.