Bokstart – les for meg
Søknad
Rapporter
Lenker
Mål
Målet for Bokstart – les for meg er Målet er å 1) fremme leselyst ved å gjere litteraturen tilgjengeleg for alle småbarnsfamiliar. 2) å styrke foreldra sitt medvit om kva viktig rolle dei spelar for barns språk- og identitetsutvikling, 3) å leggje til rette for at alle barn skal utvikle eit språk som er så godt som mogleg etter deira føresetnad. Barn og foreldre skal bli kjent med biblioteket frå barnet er nyfødd, og biblioteket skal vere ein institusjon som barnet får kjennskap til gjennom heile barndommen. Ved å bruke bibliotekpersonale aktivt inn mot helsestasjon, barnehage og skule vil ein treffe alle barn i kommunen og dermed gjere synleg biblioteket på fleire arenar og slik inspirere til lesing og besøk på biblioteket.
Beskrivelse
Bokstart er eit prosjekt som går ut på å dele ut gratis bøker og informasjonsmateriell om språkutvikling til små barn (0-3 år) og foreldra deira. Fitjar folkebibliotek og helsestasjonen i Fitjar kommune arbeider med å utvikle eit konsept på dette med støtte frå Foreningen !les. Gjennom prosjektet Bokstart vil ein arbeide for at alle familiar i Fitjar bli god kjent med bibliotekstilbodet. Målet er å 1) fremme leselyst ved å gjere litteraturen tilgjengeleg for alle småbarnsfamiliar. 2) å styrke foreldra sitt medvit om kva viktig rolle dei spelar for barns språk- og identitetsutvikling, 3) å leggje til rette for at alle barn skal utvikle eit språk som er så godt som mogleg etter deira føresetnad.
Forsking viser at det er samanheng mellom språkutvikling i tidleg alder og evna til å lære å lese og skrive når dei startar på skulen. Ein ser også ei samanheng mellom språkutvikling og sosiale dugleikar. Dette viser at det er særleg viktig at foreldre stimulerer språkutviklinga i barna sine første leveår. Å lære språk er ikkje noko som skjer av seg sjølv. Små barn utviklar lydar, ord og setningar i samspel med nære omsorgspersonar. Det er viktig at alle barn vert utsett for eit godt og variert språk dei første leveåra. Høgtlesing er den viktigaste aktiviteten foreldre kan gjere med barna sine for å auke barns ordforråd og språkutvikling (1) .
Det har dei seinare åra knytt bekymring til barn og ungdom sine manglande skrive og lesedugleikar. PISA undersøkinga frå 2019 viser ein klar samanheng mellom sosioøkonomisk status og leseprestasjonar (s.22) (2) . Rapporten viser også at kvar fjerde gut ligg under nivå 2 i lesing. Nivå 2 vert rekna som ei kritisk grense for den lesekompetansen som er naudsynt for å delta i vidare utdanning og arbeidsliv (s. 8) (3) . Det vert jobba mykje mot skule og barnehagar i høve til lese- og skrivestrategi. Det unike med Bokstart-prosjektet er at det vender seg direkte til familiar via helsestasjonen og vil også nå dei barna som ikkje går i barnehage. I tillegg vil Bokstart følge opp og setje fokus på kor viktig det er å lese for barna gjennom heile barndomen.
Biblioteket har ressurspersonar med pedagogisk utdanning og kunnskap om betydninga av lesing for små barn. Ved å ha eit samarbeid mellom helsestasjon og bibliotek kan ein nå ut til alle familiar i kommunen og spreie kunnskap om lesinga si betydning. Ved å dele ut informasjonsmateriell og bøker vert lesing sat på dagsorden frå første stund. Prosjektet inneber at bibliotekpersonell skal delta på barselsamlingar der ein tek opp lesing som tema. Ved å ha fokus på lesing over fleire treff på helsestasjonen, vil ein kunne gjere foreldra medviten om deira unike rolle i barnas språkutvikling. I tillegg skal barna, når dei går i barnehage, møte bibliotektilsette i barnehagane. Bibliotektilsette skal komme med bokkassar som barnehagane kan låne over ein periode, og tilby fortellestund/lesestund. Barna skal også møte bibliotektilsette når dei kjem i skulealder, målet er eit besøk i halvåret i barnehagar og kvar klasse.
Biblioteket er ein av dei demokratiske grunnpilarane i samfunnet. Det er gratis å låne, og tilbodet er ope for alle. Biblioteket skal vere ein utjamnande faktor der alle kan søke kunnskap og hente inspirasjon. Det er difor viktig å introdusere biblioteket til alle familiar i Fitjar.
Inspirasjonen til prosjektet er Foreningen !les sitt Bokstart prosjekt i Oslo kommune. Saman med dei er det utarbeida informasjonsbrosjyrar på nynorsk. Foreningen !les har også bistått med bøker som skal delast ut på 6 månadars kontrollen og 2 års kontrollen.
Plan for treffpunkt
– Utdeling av brosjyre ved heimebesøk til nyfødde
– Barselgruppe (6 månadar) tema; lesing. Utdeling av bok. Stad; helsestasjonen
Ca. 6 møter på eit år.
– Invitasjon til lesestund/songstund for dei minste. Stad; helsestasjon/biblioteket
4 pr år.
– Utdeling av 2 års bok. Stad; helsestasjon/biblioteket 2 pr år.
– Tilby lesestunder i barnehagen min. 1 pr halvår
– utdeling lånekort/bok til 1.klassingane. Stad: bibliotek/skule
– Ha lesestunder i småskulen, min. 1 pr halvår
For biblioteket sin del er utfordringa ein personalressurs som kan arbeide mot barselgrupper, barnehagar og skule og halde lesestund/songstund. Me søker difor om midlar til 14-18 % stilling som skal arbeide mot dette prosjektet.
————–
1.Svensk forsking viser til at ein som vaksen treng eit ordforråd på minst 50.000 ord dersom ein skal kunne følgje med på endringar i nyheitsbiletet og klare seg i dagleglivet. Dersom ein ikkje regelmessig les eller høyrer på bøker og tekstar, så har ein som 17-åring berre mellom 15 000 og 17 000 ord i ordforrådet sitt. Sjå: https://www.barnsidan.se/blogs/ego/50-000-ord.htm.
2.Jensen, F., Pettersen, A. Frønes, T. S., Kjærnsli, M., Rohatgi, A., Eriksen, A. & Narvhus, E.K. (2019). PISA 2018. Norske elevers kompetanse i lesing, matematikk og naturfag. Oslo: Universitetsforlaget
3.Språkløyper – Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019