Hi sia

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Sunnfjord bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye formidlingsmetoder
Samlet støtte:100 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2017, 2018, 2019, 2020

Søknad

Rapporter

Mål

Målet med prosjektet «Hi sia» er å gje innbyggjarane i den nye storkommunen ei helheltlig formidling av bibliotektilbodet med eit digitale tilbod, hjemmesider og det fysiske biblioteket.

Beskrivelse

Når publikum kjem inn i biblioteka våre møter dei veggar med bokryggar. Jakta på den gode leseopplevinga eller andre tilbod er ikkje lett med tradisjonell oppstilling av bøker og bokhyller. Nye lånarar kjem innom, finn nettstadane våre, og vil prøve ut om biblioteket er eit godt tilbud for dei. Dei vurderer om det er verdt å investere tid i å bruke biblioteket. Då er det viktig at biblioteket framstår som eit relevant og fristande tilbod. I dag har biblioteket vårt et variert og spennande tilbod når det gjeld arrangement og opplevingar for alle grupper, men manglar ein god og kostnadseffektiv digital formidling av tilbodet. No er det på tide at det fysiske biblioteket, hyllene og samlingane våre følgjer etter og blir den magiske plassen, draumebiblioteket vi ynskjer det skal være.
Vi ynskjer at biblioteka våre skal stå fram som ei oase for brukarane våre. Inntrykket skal være at det bugnar av spennande bøker, tidsskrift, film og alle dei andre tilboda vi etter kvart har fått. Bøkene og andre media har vi, men vi ynskjer å prøve ut nye måtar å formidle innhaldet i samlingane. Vi ynsker at brukarane våre skal føle at dei finn informasjon og litteratur som er midt i blinken! At dei ikkje er avhengig av ein ansatt for å finne fram. At brukarne er så nøgde at dei gjerne kjem igjen og ser nytta av å bruke bibliotektilbudet. For brukarar med lita erfaring med lesing og bøker er det særlig viktig at biblioteket utvikler ei bedre fysisk og digital formidling.

Vi ynskjer å ta i bruk Rachel van Riels «Det leservennlige bibliotek» og andre verktøy ute i verda som kan inspirere oss til nytekning rundt biblioteket si fysiske utforming og formidling av samlingane. Vi vil at det skal være ei heilheltlig formidling mellom det digitale tilbodet vårt, heimesider og det fysiske biblioteket. Draumen vår er at folk skal komme på biblioteket og sjå at «WOW» her var det mykje spennende å lese, kikke, låne, oppleve osv. Vi ynskjer at publikum skal få lyst til å være i biblioteket og komme attende for meir. Inntrykket må være at det bugnar av spanande bøker, tidsskrift, filmar og andre tilbod.

1.1.2020 skal 4 kommunar i Sogn og Fjordane, Førde, Naustdal, Jølster og Gaular gå saman til ein storkommune. Biblioteka og utvikling av gode bibliotektenester med eit desentralisert tilbod må synleggjerast i denne prosessen. Vi må synleggjere at gode bibliotektenester er ein viktig foresetnad for eit god kommune med eit godt tilbod til innbyggjarane. Vi må utvikle gode tenester til alle innbyggjarane uavhengig av kvar ein bur. Varierte bibliotektenester som tener innbyggjarane på best mogleg måte.

Hi sia – er kåra som det mest populære Førdeuttrykket, og er mykje brukt i heile regionen. Uansett kvar du er i Nynorskbyen Førde, så er det alltid noko på hi sia. Vi likar uttrykket godt og meiner det seier noko om kva biblioteket skal være. Det er alltid noko på hi sida av ein bokreol, neste bokside, over elva, over fjellet og ute i verda.