Mangfald i Nynorskens skog

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Sunnfjord bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som læringsarena, Mangfold og inkludering
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2015, 2016

Søknad

Rapporter

Mål

Arbeidsinnvandrarar og flyktningar kjem til Noreg med sin eigen, rike kulturarv: Eventyr, songar og dikt, men også dramatiske livshistorier. Gjennom prosjektet Mangfald i Nynorskens skog blir biblioteket ein møteplass for deling av kulturarv gjennom forteljingar og skapande skriving. Tilfanget av tilpassa litteratur for innvandrarar på nynorsk er magert, dette prosjektet vil tilføre relevante tekstar for denne målgruppa.

Beskrivelse

Biblioteket ønskjer å vere ein møtestad også for «nye» innbyggjarar. Biblioteket samarbeider med Norsksenteret og Røde Kors om tiltak for inkludering og mangfald. Vi veit at ein viktig nøkkel til integrering, er å meistre språket. Erfaringa viser at tilflyttarane ofte blir einsame, det er ikkje lett å finne norske vener, og det blir for lite høve til å praktisere norsk. Prosjektet skal hjelpe dei i gang med dette.

På Norsksenteret i kommunen lærer elevane nynorsk, då er det viktig å få lese og høyre nynorsk, bokmålet skapar forvirring i opplæringssituasjonen. Vi ser det og som viktig å gjere dei kjende med lokal litteratur og kultur, for å skape tilhøyre til det samfunnet dei bur i.

Tilfanget av god litteratur på nynorsk for denne målgruppa er svært avgrensa, ofte blir vi nøydde til å vise dei til barnelitteraturen. Dette er lite tilfredstillande, når vi veit at viktige kriterium for den gode leseopplevinga er mulegheita for identifikasjon, meining og involvering.

Ny arbeidsmåte, nye tekstar:

Vi ynskjer difor å vende oss mot dei store ressursane som ligg i innvandrarane sin eigen kulturarv og i deira historier. I samarbeid med ein av våre fremste forfattarar Erna Osland, vil vi etablere ein møtestad der samtale og kreativ, rettleia skriving vil gje oss nye, autentiske tekstar som både tener som kulturutveksling og integrering, men også som skrive, lese og samtaletrening.

Framtidsperspektiv og breidde:

Arbeidsmåten har stor overføringsverdi, skrivemetodikken vi utviklar og prøver ut kan takast i bruk i andre kommunar, både der nynorsk er opplæringsmål, men også elles i landet alt etter kva målsettingar ein arbeider etter.

Metodane kan også tilpassast og brukast i grunnopplæringa. Gjennom kulturmøter i skulen kan elevane orienterast mot tangeringspunkt i kulturarven, slik som likskapar i voggesongar, struktur og tematikk i eventyra, men også øve seg i å lytte til kvarandre sine historier og erfaringar. Skapande skriving kan vere ein god tilnærming for å få dette til.

Tekstane som vert skrivne vert gjevne ut i eigne hefter eller bøker, desse vil kunne supplere tilfanget av litteratur på nynorsk for innvandrarar i dei biblioteka der slike tekstar er etterspurde.

Praktisk gjennomføring:

Førde målkafe og fargeskrivarlag: Ein uformell møtestad der elevar på norsksenteret møter fastbuande førdianarar, samt utøvande forfattarar, folkemusikarar og andre, og deler kulturopplevingar med kvarandre. Mat og sosialt samvere, tekstformidling og deretter skriveverkstad for dei som vil prøve seg som fargeskrivarar.

Ulike sjangrar kvar gong:
Eventyr
Lyrikk
Songar
Fablar og forteljingar
Biografiske historier.

Møte på dagtid, vi startar med elevar på Norsksenteret.
Utvide kretsen, biblioteket blir møteplass også etter at norskkurset er over.
Utvide til også kveldsarrangement.
Kafé betyr også mat og prat om laust og fast.
Bli kjende med lokal mat og mattradisjonar
Bli kjende med deltakarane sine mattradisjonar.
Få med norske deltakarar, engasjere frivillige.
Musikkinnslag.