Samarbeid Vestland på langs
Søknad
Mål
Mål
Målet med prosjektet er at bibliotekleiarar som ei gruppe skal dra nytte av og lære av kvarandre sine sterke sider, erfaringar og kunnskap i det enkelte kommune og bibliotek. Vi vil sette erfaringsutvekslinga i system og synleggjere det i ein modell som er lett overførbare for andre bibliotektilsette.
Beskrivelse
Etter Biblioteksdagane Vestland i 2023 har seks bibliotek frå heile Vestland fylke jobba saman i ei prosjektgruppe som har fokusert på leiarutvikling. I 2024 gjennomførte vi eit vellukka prosjekt støtta av NB om brukardriven innovasjon, der vi erfarte at vi lærte like mykje av dei andre biblioteka sine resultat som av våre eigne. Nettopp denne effekten med å lære av kvarandre ynskjer vi no å utforske om vi kan sette meir i system, slik at andre bibliotek også kan nytte vår modell til erfaringsutveksling og auka kunnskap.
Gruppa består av seks bibliotek av ulik storleik, ulik geografisk plassering og med ulik leiarkompetanse og -erfaring, og vi har allereie erfart at vi kan hente mykje god kunnskap og dele erfaringar frå kvarandre. Vi vil sette denne kunnskapsdelinga betre i system, og kome fram til ein modell som er overførbar til andre bibliotek som ynskjer å gjere det same.
Gjennom ei kartlegging vil vi sjå på kva dei seks ulike biblioteka og bibliotekleiarane har god kompetanse i, men også kva felt ein treng meir kunnskap og utvikling på. Dei sterke sidene til dei einskilde biblioteka skal så delast til dei andre biblioteka, og på den måten blir god kompetanse og erfaring delt på tvers mellom alle. Denne sirkelen av erfaringsdeling gjer at alle biblioteksleiarane får styrka sin kompetanse.