Reflekterte rytmer

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Bømlo bibliotek
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2022

Søknad

Rapporter

Mål

Auka interesse og kredibilitet for lesing hjå ungdom. Bokformidling ved hjelp av musikkvideo laga av ungdom, slik at bøkene kan formidlast ved hjelp av deira val av musikkuttrykk. Dette håpar me vil tiltrekkje nye lesargrupper.
Litteraturformidling for, og etterkvart av, ungdom. Dei skal freiste til å søkje i god litteratur for innsikt om seg sjølv og andre.
Dei skal kunne oppleve korleis god litteratur kan hjelpe for refleksjon og problemløysing gjennom filosfiske samtalar. Auka samhald i ein klasse eller gruppe, positivt for klassemiljø.

Beskrivelse

Tverrfaglig prosjekt på barne- og ungdomstrinn.
Lese ei felles bok i lag i klassen, alders- og aktualitetstilpassa. Ha filosofiske samtalar kring denne etterpå, som igjen skal leie til kreativ skriving og musikklyrikk. Elevane skal så lage musikk i musikktimane, og få dette spelt inn som ein låt eller fleire.

I kunst og handverk-timane kan dei lage visuelle uttrykk som byggjer opp under stemning og innhald i tekst og musikk, som igjen kan redigerast til musikkvideo. Slik får kvar bok ein musikkvideo laga av elevar som har vore gjennom tilpassa og aktuell litteratur, fått auka innsikt om seg sjølv og andre, og få dette til eit kunstuttrykk som dei kan relatera seg til og vera stolte av.
Musikkvideoane kan ha premierekveld med fest og raud løpar i biblioteket, spreiast digitalt, og visast fram for andre aktuelle boklesarar som kan bli interesserte i dei same bøkene.
Prosjektstøtte skal gå til frikjøp av bibliotekar i 20% gjennom 1 år, for å utvikle opplegg, plan og brukarrettleiing for lærarar og andre leiarar, slik at det kan vera eit prosjekt som kan halda fram og utviklast som eit lærarstyrt formidlingsopplegg i samarbeid med folkebiblioteket. Det er ynskjeleg å lage eit opplegg som kan nyttast av andre bibliotek og kommunar.
Opplegget skal også innehalde framlegg til ulike samarbeidspartnarar som kulturskule, og ulike måtar å tilpasse opplegget til ut frå ressursar, utan å gå på kompromiss med måla.