Styrke samarbeid i historisk bygg med kunnskap, kreativitet og kulturmøter

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Sunnfjord bibliotek
Prosjektkategori:Forprosjekt
Samlet støtte:200 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021

Søknad

Rapporter

Mål

Utvikle eit tradisjonelt folkebibliotek til å bli eit moderne hovudbibliotek med fokus på bærekraft og samskaping i ny kommune.

Beskrivelse

Gjennom prosjektet vil vi finne ut korleis betre tilpasse lokale til eit moderne bibliotek, og korleis biblioteket som funksjon kan støtte opp om Førdehuset og bringe inn nye målgrupper. Vi kan styrke biblioteket og Førdehuset innan:
• Kunnskap
• Kreativitet
• Kulturmøte
Biblioteket er eit lågterskeltilbod i kulturhuset. Biblioteket gjev eit gratis tilbod, som er et alternativ til organiserte kultur- og fritidstilbod og legg til rette for en miljøvennleg og bærekraftig livsstil.

Bakgrunn:
Biblioteket er plassert i Førdehuset med lokale utforma for bibliotek i 1976 – ikkje 2021. Førdehuset vart bygd for å vere byen si storstove, eit unikt fleirbrukshus og som det første store praktisk eksempel på det utvida kulturbegrepet i Norge.
Ref. Allkunne: https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/artiklar-sortert-pa-kommune/forde/fordehuset/1899/75913/

No er tida her for å modernisere og tilpasse hovudbiblioteket i Førde til ein ny kommune etter kommunereforma 2020. Tidligare Førde, Naustdal, Gaular og Jølster kommune er blitt Sunnfjord kommune. Det første året i ny kommune fekk vi politisk vedtak om meirope bibliotek, mulighetsstudie for Førdehuset og investering i Førde bibliotek frå 2021. I tillegg kom det klarsignal for å starte arbeid med bibliotekplan. Difor er det viktig at vi no legg eit godt grunnlag for å sikre best mogleg bibliotekteneste for innbyggjarane i framtida. Vi må vere relevant og synleg for innbyggjarane i den nye kommunen.
Ref: Kommunestyret KST-124/20 s.30
https://innsyn.onacos.no/sunnfjord/mote/wfdocument.ashx?journalpostid=2020061498&dokid=1424459&versjon=3&variant=A&ct=RA-PDF

Vi har i dag ikkje ressursar til å gjere eit godt forarbeid og planlegging. Gjennom prosjektet vil vi kunne bruke tid på å kvalitetssikre dei bibliotekfaglige vurderingane som må lage grunnlaget for utvikling og planarbeid i tråd med politikarane sitt vedtak. Vi ynskjer å sjå på nye samarbeid og ha eit ekstra fokus på FNs berekraftsmål.

Gjennomføring:
Vi vil utvikle samarbeidet mellom bibliotek og Førdehuset i tre satsingsområder:

Kunnskap: styrke vår rolle ved å drive folkeopplysning. Vi kan satse enda meir på foredrag og intervju om aktuelle tema. Sjølve arrangementet skal vere gratis, men med naturleg kopling mot andre arrangement på huset (film, teater, konsert, utstilling).

Vi må og legge til rette for korleis dyrke hobby og fritidsinteresser basert på eige initiativ. Få meir kunnskap om og legge til rette for utøving og samskaping i bibliotek for ulike brukargrupper. Til dømes kan fagmiljø innan spel og data kan hjelpe biblioteket med å arrangere turneringar og spelekveldar. (planlagt seminar for bibliotektilsette og ungdom med Bibliogames hausten 2021)

Kreativitet: vi vil tilby noko meir enn berre perling og lesestund på arrangement som Familielaurdag eller Jul i Førdehuset. Med eige folkeverkstad kan vi ha faste arrangement. som t..d «kreativ laurdag» 1 gang i månaden. Symaskin og 3D-printar er ei investering som vil hjelpe innbyggjarane i å ta berekraftige val. Det er eit kreativt miljø i Førde, som vi bør opprette eit samarbeid med.
Sjå Skaparhuset – https://www.skaparhuset.no/

Kulturmøte: mange som er nye i Noreg og i Sunnfjord, er og nye på biblioteket og i Førdehuset.
Vi hjelper dei med praktiske gjeremål og legge til rette for språkopplæringa. Biblioteket har fleire tenester som er retta mot framandspråklege. Det er behov for mindre møterom der opplæringa kan skje og større møterom som kan romme språk kafé, kulturkveldar osv. Vi må legge til rette for at nye innbyggarar oppsøker oss av andre grunner, enn berre dei reint praktiske. Barn og unge må kunne delta i kulturlivet uavhengig av kulturell og økonomisk bakgrunn. Vi bør sjå på korleis vi kan utvide samarbeidet vi har med Førde internasjonale folkemusikkfestival som og har sin plass på Førdehuset. Gjennom dialog med Idretten kan vi avdekke om vi har felles utfordringar i høve inkludering eller finne andre gode måtar å dra fordel av kvarandre.

Desse satsingsområda viser potensialet som ligg i eit betre samarbeid med Førdehuset, Idretten og det frivillige organisasjonslivet for å utvikle eit hovudbibliotek som styrkar intensjonen bak etableringa av Førdehuset.

Gjennom prosjektet vil vi kunne gjennomføre kartlegging, samarbeidsmøter, studieturar, synfaring og ekstern rådgiving som vil kunne danne grunnlaget for at vedtak knytt til Førdehuset og det nye hovudbiblioteket i den nye kommunen vert tatt på eit kunnskapsbasert grunnlag.

Erfaringsdeling og vidareføring:
Vi ser at fleire bibliotek rundt om i Noreg nå skal inn i kulturhus eller fleirbrukshus som til dømes Beiarn folkebibliotek og Hof bibliotek. Førde bibliotek har mange års erfaring frå det å vere eit bibliotek i eit aktivt fleirbrukshus. Vi har mange erfaringar å dele rundt praktiske løysingar og samarbeid. Etter prosjektet vil og vi kunne dele erfaringar med å utvikle nye samarbeidstiltak, i tillegg til korleis vi har løyst praktiske utfordringar.
Det er løyvd midlar til modernisering av Førde bibliotek, så vidareføring av prosjektet vil gå på å realisere planane frå forprosjektet.

Kuriositet: våre aller første erfaringar med å vere bibliotek i fleirbrukshus:
Biblioteket med tenkt barnepassfunksjon i 1972
«For at husmødre skal kunne utnytte husets tilbud i formiddagstimene, kan det etableres en ordning med barneparkering i bibliotekets barnerom/eventyrrom. Lignende ordninger kjenner man fra svenske og danske bibliotek, skjønt tilsvarende profesjonelt kan man vel neppe gjøre det i dette tilfelle»
Fra Norsk kulturråd: innstilling fra Førdeutvalget, 1972

Biblioteket og støyande ungdom i 1981:
I tillegg står døren døren hele tiden åpen ut mot sentralhallen der kafeteriaen ligger og med den akustikken der er, blir det ikke alltid så stille på biblioteket som en kunne ønske. (…) En annen årsak til denne nedgangen, er at en må gå igjennom kafeteriaen for å komme til biblioteket. Ofte sitter det mange ungdommer i kafeteriaen, og det kan virke skremmende på enkelte folk»
Fra Hegdal, Gro: Førdehuset (1981)