Ut på bygda, inn i bøkene

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Enebakk bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Rapporter

Lenker

Andre filressurser

Mål

Gjere biblioteket og våre tenester meir synlege for heile bygda og for nye grupper. Auke utlånet av p-bøker og e-bøker. Lage gode og inspirerande møtepunkt utanfor biblioteket.

Beskrivelse

Enebakk er ein langstrakt kommune med i overkant av 11000 innbyggarar. Biblioteket ligg i Kirkebygda, i midten av bygda. Utfordringa er at folk flest bur i ytterkantane, det vil seie i Ytre Enebakk og på Flateby. Desse har rundt ei mil til Kirkebygda og biblioteket. Biblioteket skorar svakt på Kostra når det gjeld besøk samanlikna med omkringliggande og samanliknbare kommunar. Ei naturleg forklaring er avstandane. Biblioteket må difor blir meir synleg i ytterkantane. Me trur at eit samarbeid med skolebiblioteka vil vere ein nøkkel for å få dette til. Me har opparbeida gode samarbeid med skolebiblioteka på Ytre Enebakk skole og Hauglia skole frå og med skoleåret 2019/2020 (skolebibliotekprosjekt med støtte frå UDIR). Me har også god dialog med skolebiblioteket på Stranden skole, som i likhet med Hauglia skole ligg på Flateby.

Prosjektet vårt er tredelt:

1) Me vil styrke samarbeidet med skolebiblioteka på Hauglia og Ytre Enebakk ved å halde formidlingsstund og opent på dei to skolebiblioteka ein ettermiddag/kveld annakvar veke gjennom skoleåret. Bibliotekets personale presenterer nye bøker, held lesestund og har med bøker frå bibliotekets formidlingssamling, slik vil det vere mogeleg for barn og unge i våre folkerike ytterkantar å låne bøker utan å måtte dra heilt til Kirkebygda. Me tenkjer også tilby take-away ordning for vaksne som ønsker å bestille bøker fra bibliotekets samling, som dei kan hente på skolebiblioteket. Biblioteket har allereie etablert returordning med bok-kassar sentralt plassert på Flateby og i Ytre Enebakk.

2) Me vil lage to lesesirklar for øvre mellomtrinn i kvar ende av bygda. Ein for 7.trinn på Stranden skole og ein for 7.trinn på Ytre Enebakk skole. Ytre Enebakk skole har bibliotekassistentar på dette trinnet som vil vere ei naturleg gruppe å rekruttere frå. Stranden skole har gitt tilbakemelding om at elevane på 7.trinn ønsker nyare bøker på skolebiblioteket. Gjennom andre prosjekt biblioteket har vore involvert i har me erfart at det skjer lite for dette trinnet. Dette er også ei gruppe biblioteket erfarer me mistar når dei begynner på ungdomskolen. Dette prosjektet vil vere ei rekruttering av interesserte før det er for seint. Me legg opp til 9 lågterskel treffpunkt på kvar av skolane fra januar – desember 2021. Lesesirkelen blir arrangert ute på skolen på skolebiblioteket. Biblioteket står for servering. Det blir ein open lesesirkel der me vil introduserer elevane for nye bøker.

3) Den siste delen av prosjektet vårt er her i Kirkebygda. Då går me ut av biblioteket og inviterer kolleger frå kommunen inn i skulptur- og kunstsamlinga i Gamle Herredshus. Her inviterer me til litterær lunsj ein onsdag i månaden frå januar til desember 2021 med pause i sommarmånadane.