Søk midlar til auka digital deltaking og kompetanse

Kommunal- og distriktsdepartementet lyser ut ei eingongsstønad på til saman 5,8 millionar kroner til kommunar som vil samarbeide om å opprette og videreutvikle lågterskel rettleiingstilbod innan grunnleggjande digital kompetanse.

Kommunar som samarbeider med bibliotek vert oppfordra til å søkje

Målgruppa for tilskotet er kommunar som ynskjer å samarbeide med andre kommunar, frivillige organisasjonar eller andre relevante aktørar for å opprette et rettleiingsstilbod til sine innbyggjarar.

Kommunar som ser mogeleg samarbeid mellom informasjonstenesta (servicetorg), folkebibliotek og andre publikumsnære tenesteområde, til dømes helse- og omsorgstenesta vert også oppfordra til å søkje.

Formålet med tilskotet

Tilskotet skal bidra til at kommunar, i samarbeid, kan etablere eit permanent tilbod i opplæring og rettleiing i digital kompetanse til sine innbyggjarar slik at dei kan gjere seg nytte av digitale verktøy og tenester.  

Tilskotet kan til dømes verte brukt til:

  • å engasjere ein prosjektleiar/koordinator, for å etablere rettleiingstilbod i kommunane
  • å planlegge og utforme eit tilbod, og til kompetanseheving av personell som skal drifte tilbodet
  • å utforme informasjonsmateriell som kan motivere innbyggjarar med låg eller manglande digital kompetanse til å nytte seg av tilbodet
  • å dekke kostnader i samband med gjennomføring av kurs og rettleiing

Søknadsfrist

Tysdag 3. november 2023

Regjeringen lanserte i juni 2023 ein «Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn«. Målet med den nye handlingsplanen er å sikre at alle innbyggjarar skal få likeverdige offentlege teneste, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskap eller alder. Tilskotsordninga er eit viktig tiltak i handlingsplanen.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i fleire år lyst ut tilskot retta mot etablering av Digihjelpen-tilbod i kommunane. Arbeidet med Digihjelpen skjer i eit samarbeid med KS. KS tilbyr råd og rettleiing til kommunar som ynskjer å utvikle og etablere eit rettleiingstilbod i grunnleggjande digital kompetanse. Her kan den ansvarlege i kommunen finne tips og råd om etablering av utvikling av eit kommunalt rettleiingstilbod, sjå www.digihjelpen.no.

Folkebiblioteka har lenge vore aktive når det gjeld desse midlane:

2020: Folkebiblioteka er aktive i arbeidet med å øke digital kompetanse hos utsatte grupper.

2019: Folkebibliotekene sentrale i kommunenes satsing på digital kompetanse