Revidert statistikkskjema for fag- og forskingsbibliotek 2023

Nasjonalbiblioteket sette i mars 2023 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å revidere statistikkskjemaet for innsamling av bibliotekstatistikk for fag- og forskingsbibliotek. Føremålet med ei revidering er å tilpasse skjemaet til dagens fag- og forskningsbibliotek, samtidig som ein tek omsyn til lange historiske liner i bibliotekstatistikken.

Skjemaet vil nyttas ved innsamlinga for 2023

Arbeidsgruppa utarbeida før sommaren eit forslag til revidert skjema, som så vart sendt på ein innspelsrunde til institusjonar i sektoren. Etter å ha gått gjennom innspela som kom inn, ferdigstilte dei forslaget til nytt skjema og sendte det over til Nasjonalbiblioteket.

Det reviderte skjemaet er godkjent av Nasjonalbiblioteket, og vil bli nytta ved innsamlinga av bibliotekstatistikk frå fag- og forskingsbibliotek for 2023.

Det vil bli lagt ut meir informasjon om innhaldet i det nye skjemaet for statistikkinnsamling i overgangen november/desember 2023.

Arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa har vore sett saman av representantar frå fylgjande institusjonar:

  • Universitetet i Oslo
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Arbeids- og velferdsbiblioteket
  • Statistisk sentralbyrå
  • Sikt
  • Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket samlar inn data til ein samla statistikk for fag- og forskingsbibliotek. Statistikken vert laga og publisert av Statistisk sentralbyrå og er ein del av Noreg sin offisielle statistikk.