Referat frå møte i strategisk råd

Nasjonal bibliotekstrategi gjeld for perioden 2020–2025, og strategisk råd skal gje råd til Nasjonalbiblioteket i arbeidet med gjennomføringa.

Rådet møtes to gonger om året, og vårens møte fann stad 16. april. I tillegg generell gjennomgang av strategien, hadde møtet fokus på Nasjonalbibliotekets metadataleveranse og arbeidet med tilgang til lydbøker i folkebibliotek.

Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet. Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.