Nordic Libraries Together 2026 i Oslo

Deichman er vertskap for den sjette utgåva av konferansen Nordic Libraries Together. Bli med i programmet og få gratis konferansebillettar!

Tema: Resilient Libraries in a Restless World – Collaborating for Future Relevance

Årets konferanse set søkeljos på motstansdyktige bibliotek i ei uroleg tid. Verda rundt oss er i rask endring. Tillit til informasjon blir utfordra, merksemda vår vert pressa, og behovet for stadar som gjev rom for refleksjon aukar. 

  • Korleis kan biblioteka halde seg relevante når globale plattformer får større innflytelse, forventningane endrar seg, ressursane vert knappare og avstanden mellom generasjonar aukar? 
  • Korleis kan vi utvikle nye måtar å kople saman menneske med historiar og idear – og samtidig styrke biblioteket sin posisjon som ein viktig samfunnsarena? 

Dette er spørsmål vi utforskar saman i Oslo. 

Du har no sjansen til å bidra!

No opnar vi for å sende inn forslag til innhald.

Har du testa ut noko nytt i biblioteket? Fått til ei endring som andre kan lære av? Eller sit du på ein idé du gjerne vil utforske saman med kollegaer frå heile Norden? 

Bli med og sett agendaen – send inn bidraget ditt 

Deichman tek imot forslag til:

  • 15-minutts innlegg
  • 45-minutts workshop

Dei som får bidraget sitt valt ut, får gratis konferansebillettar.

Forslaget må innehalde:

  • Namn og kontaktinformasjon
  • Eit kort samandrag av prosjektet (rundt 200 ord)
  • Skildring av korleis bidraget er innovativt og korleis det heng saman med konferansetema
  • Korleis du ser for deg å gjennomføre sesjonen i Oslo

Meir detaljert program og påmelding blir publisert på konferansen si nettside kort tid etter påske.

Send forslaget til: nlt2026@deichman.no

Frist: 13. april

Konferansen støttes med midler fra Nasjonalbiblioteket

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.