Møt Nasjonalbiblioteket på Bibliotekmøtet i Haugesund!
Nasjonalbiblioteket vil vere godt representert på Bibliotekmøtet i Haugesund. I tillegg til at vi er utstillarar og bidragytarar i ulike prosjekt, er vi også med i ulike programpostar.
I programmet:
VIP-lansering- NLB byter namn
Når og kvar? onsdag 17. april kl 15:00 – 15:45. Møterom Utsira.
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) pre-lanserer sitt nye namn og nye utsjånad! Dei presenterer òg eit heilt nytt kurs om tilrettelagt litteratur, laga spesielt til deg som jobbar i folkebibliotek. Velkomen til 45 minutt med tilrettelagt litteratur i nye klede!
Nytt metadatalandskap
Når og kvar? Torsdag 18. april Kl. 15:45 – 16:30. Møterom: Maritim hall. Parallellseminar
Nasjonalbiblioteket held innlegg om det nye metadatalandskapet, om metadataproduksjon og tenestene til biblioteka.
Frå Nasjonalbiblioteket
Når og kvar? Fredag kl. 11:00 – 11:45. Møterom: Maritim hall. Fellesmøte
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre snakkar om betydninga av boka og lesinga i KI-ens tid. Han snakkar om kva tusen bibliotek får til når dei jobbar saman og korleis vi kan gjere det, og litt om Nasjonalbiblioteket si rolle som nasjonal infrastruktur.
Møt oss i utstillingsområdet!
Nasjonalbiblioteket vil ha to stand i utstillingsområdet under heile bibliotekmøtet. Ein for NLB sine tenester, og ein for andre områder av Nasjonalbiblioteket. Der vil de og få møte dei som jobbar på senteret for kulturarvdigitalisering. Vi inviterer alle til å kome å snakke med oss! Høyr om dei ulike tenestene Nasjonalbiblioteket tilbyr til bibliotek, kva vi jobbar med i heile organisasjonen, og kva vi har ansvar for. Velkomen!