Statsbudsjettet 2025 : Leselyst

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år, vert midlar knytta til tiltaka i leselyststrategien «Sammen om lesing» fordelt på følgjande måte, i følge pressemeldinga frå Kultur- og likestillingsdepartementet:

  • Kulturrådet si skulebibliotekordning – 8,1 millionar kroner:
    Skal bidra til at elevar får betre tilgang til eit variert og aktuelt utval av bøker i skulebiblioteka.
  • Innkjøpsordningar under Kulturrådet – 3 millionar kroner:
    Skal bidra til meir variert og aktuelt utval av teikneseriar og sakprosa for barn og unge i biblioteka.
  • Leseorganisasjonar – 6 millionar kroner:
    Pengane er fordelt mellom Leser søker bok, Foreningen !les og Norsk forfattersentrum. Målet er å bidra til å styrke arbeidet med litteraturformidling for barn og unge.
  • Litteraturhus – 3 millionar kroner:
    Pengane blir fordelte mellom litteraturhusa i Bergen, Fredrikstad, Odda, Oslo, Skien og Trondheim. Tiltaket skal bidra til å styrke arbeidet med litteraturformidling for barn og unge.

I tillegg har kultur- og likestillingsministeren i år sett av 23,3 millionar kroner frå spelemidlane for å følgje opp tiltak i leselyststrategien. Desse blir fordelte i løpet av hausten slik:

  • Kulturrådet si skolebibliotekordning: 5 millionar kroner
  • Kulturrådet sitt arbeid med litteratur på nynorsk, samisk og minoritetsspråk: 2 millionar kroner
  • Den kulturelle skolesekken, litteraturformidling: 8,3 millionar kroner
  • Innkjøpsordningar under Kulturrådet: 3 millionar kroner, fordelt på 1 million kvar til sakprosa, skjønnlitteratur for barn og unge og oversett litteratur
  • Kulturrådet si ordning for litteraturformidling for barn og unge: 5 millionar kroner

Les heile pressemeldinga på Regjeringa sine sider

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.