Kartlegging av kulturfondsett i kommunane

Alle folkebibliotek vil i løpet av kort tid få tilsendt eit spørjeskjema på e-post frå Nasjonalbiblioteket om bruk av kulturfondsett i kommunen. Skjema er tilpassa kvar kommune og er enkelt å fylle ut. Det er obligatorisk for kommunane å rapportere.

Frist for rapportering er mandag 26. juni

Kulturrådet ynskjer å gjere forsøksordninga med distribusjon av kulturfondbøker til skulebibliotek om til ei permanent ordning. I den samanheng ynskjer vi å kartlegge kva skular som får bøker frå dei ordinære kulturfondsetta i kommunen.

Kartlegginga gjer vi fordi Kulturdirektoratet i arbeidet med å gjere ordninga permanent, treng oversikt over alle skular som tek imot bøker frå kulturfondsetta.

Dersom du ikkje får eposten, eller du har andre tilbakemeldingar kontakt bibliotekutvikling@nb.no

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.