Folkebiblioteka svært viktige for kvardagsintegreringa
SSB sin rapport Kulturbruk blant personer med innvandrerbakgrunn 2023, ser på kulturbruken blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Tala viser blant anna at personar med innvandrarbakgrunn brukar folkebibliotek i større grad enn dei utan innvandrarbakgrunn.
6 av 10 med innvandrarbakgrunn besøkte eit folkebibliotek i 2023, samanlikna med 4 av 10 blant dei utan innvandrarbakgrunn.
Regjeringa har i strategi om betre integrering uttalt mål om å auke kjensla av å høyre til og auke deltaking i samfunnet for innvandrarar. I tillegg peiker dei blant anna på at innvandrarar er overrepresentert i gruppa med svak digital kompetanse. SSB går i artikkelen nærare inn på den viktige rolla kulturbruk og bibliotek spelar i denne kvardagsintegreringa.
Kulturbruk og uformelle møteplassar er viktige arenaer for fellesskap og kvardagsintegrering. Undersøkinga viser at folkebiblioteket er blant dei mest brukte og populære tenestene, og at både fysiske og digitale tenester blir hyppig brukt.
Kino og folkebibliotek mest populære kulturtilbod
Det er kino og folkebibliotek som er dei mest populære kulturtilboda blant personar med innvandrarbakgrunn. 59 prosent besøkte folkebibliotek i 2023, samanlikna med 41 prosent av den øvrige befolkninga. I gjennomsnitt besøkte dei med innvandrarbakgrunn folkebibliotek 7,2 gongar i løpet av eitt år.
I 2023 var det barn og unge med innvandrarbakgrunn som i størst grad las bøker på fritida, og særleg unge jenter i alderen 9 til 15 år. Denne gruppa besøkte også folkebibliotek mest.
Geografiske forskjellar
Andel personar med innvandrarbakgrunn og den øvrige befolkninga som har besøkte fysiske folkebibliotek siste 12 månader, etter landsdel. 2023
Rapporten Kulturbruk blant personar med innvandrarbakgrunn er basert på Statistisk sentralbyrå si undersøking om kulturbruka til befolkninga i 2023, og kjem som eit tillegg til Kulturbarometeret.
Det er andre gong denne rapporten blir lansert som eigen publikasjon. I undersøkinga blant personar med innvandrarbakgrunn svarte eit representativt utval på spørsmål om bruk av ulike kulturtilbod. Utvalet bestod av innvandrarar og norskfødde med to innvandrarforeldre som var 9 år eller eldre, som til saman utgjer gruppa personar med innvandrarbakgrunn.
Les meir om rapporten og meir om datagrunnlaget her: