Fleire skular med i Kulturrådets skulebibliotekordning
Grunnskular kan no søkje om å få bøker gjennom Kulturrådets skulebibliotekordning. Søknadsfristen er 28. januar 2025.
Kulturrådets skulebibliotekordning sørgjer for innkjøp og distribusjon av bøker for barn og unge til skulebibliotek i grunnskulen. Bøkene blir kjøpte inn over Kulturrådets innkjøpsordningar. Skular kan no søkja om å delta i ordninga frå 2025 til og med 2026.
I vurdering av søknader blir det lagt vekt på organisering av skulebiblioteka og planar for litteraturformidling. I tillegg ser ein på geografi, sosioøkonomiske omsyn og avstand til folkebiblioteket.