Digital tilgang til pliktavlevert materiale: Endringar frå februar 2025 

Frå 1. februar 2025 endrar vi framgangsmåten for korleis brukarane kan søke tilgang til pliktavlevert materiale. Kva inneber dette, og kva bør du som bibliotektilsett vere merksam på?

Endring i søknadsprosessen 

Nasjonalbiblioteket endrar rutinane for søkarar av tilgang til pliktavlevert materiale i Nettbiblioteket. Alle brukarar skal no søke tilgang digitalt via Nasjonalbiblioteket. Dette erstattar tidlegare praksis der brukarar kunne søke gjennom sitt lokale bibliotek. 

Endringane vil føre til lik moglegheit for tilgang for alle i heile landet uavhengig av avstand og opningstider til det lokale biblioteket.  

Korleis fungerer søknadsprosessen? 

  1. Brukaren loggar seg inn i Nettbiblioteket med sin Feide-id eller med ID-porten.  
  2. Etter innlogging blir hen sendt til søknadsskjema for tilgang.  
  3. Nasjonalbiblioteket behandlar søknader fortløpande innanfor rettleiinga sine opningstider.  
  4. Søkaren får ei stadfesting på e-post når tilgang er gitt. Tilgangen gjeld i 8 timar og dekker dei fleste pliktavleverte bøker, tidsskrift og aviser i nettbiblioteket i éin søknad.  

Tips til bibliotektilsette 

  • Sett deg inn i den nye måten å søke tilgang på, og rettlei brukarane dine.  
  • Oppdater lokal informasjon om ordninga på nettsidene dine eller i trykt form. 
  • Vis vidare ved behov til informasjon på nb.no om tilgang og vilkår.

Endring i innhaldet brukeren får tilgang til 

Samtidig som vi endrar framgangsmåten for å få tilgang til forsking og dokumentasjonsformål, justerer vi i kva for eit innhald brukaren får tilgang til. 

Frå og med 1. februar vil lærebøker for høgare utdanningog profesjonsspesifikk faglitteratur utgitt dei siste 20 åra bli heldt utanfor digital tilgang til pliktavlevert materiale. Inndelinga baserer seg på forlaga sine bokgrupper for 2.1 Lærebøker for høgare utdanning og 2.2 faglitteratur for profesjonsfag. Materialet det gjeld vil vere merka i Nettbiblioteket.

Avgrensinga gjeld berre for brukarar som må søke om tilgang. Vitskapeleg tilsette ved universitet og høgskolar vil ha tilgang til all litteratur på same måte som før via Feide. 

Denne endringa blir gjort etter evaluering av bruksmønster i Nettbiblioteket, og i samråd med rettigheitshavarane. 

Vi oppmodar biblioteka til å oppdatere informasjon om pliktavlevert materiale på eigne nettsider og i trykt materiale. Søknadsskjemaet og informasjonen om ordninga finst framleis på same nettside hos Nettbiblioteket. 

Lenker til meir informasjon: