Biblioteksøk opnar for lånarinititerte tingingar

Privatpersonar kan igjen tinge fjernlån direkte gjennom Biblioteksøk. Endringane trer i kraft i dag, 6. mai

Nasjonalbiblioteket har i samråd med fylkes- og storbybiblioteksjefane, vedteke å opne Biblioteksøk for lånariniterte tingingar. Dette inneber at privatpersonar igjen kan tinge fjernlån direkte gjennom Biblioteksøk. Endringane trer i kraft i dag, 6. mai

Opninga av denne tenesta er blitt utsett til no, slik at ein har fått høve til å minske etterslepet i transporten etter stansen.

Nasjonalbiblioteket sine utsendingar

Utsendingar frå Depotbiblioteket og Det flerspråklige bibliotek går no som normalt. Tenestene ekspederer nye tingingar fortløpande. Ta gjerne kontakt på depotbiblioteket@nb.no dersom du har spørsmål om utlån.

Ein må framleis rekne med noko forseinkingar i levering av punktskriftbøker, følebøker og CD-ar frå Tibi-tenesta.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.