Årleg internasjonalt Fosseføredrag og omsetjarstipend på Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre tok i mot kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) på Nasjonalbiblioteket ser på arkivet etter Jon Fosse
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre tok i mot kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) på Nasjonalbiblioteket for å se på Nasjonalbibliotekets samling av Fosse-materiale. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

I samband med at Jon Fosse vert tildelt nobelprisen i litteratur for 2023 vil regjeringa leggja til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – ei årleg Fosse-førelesing med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det òg vert tildelt eit Fosse-stipend. Regjeringa vil på denne måten medverka til å markera kor viktig forfattarskapen til Fosse er for Noreg og internasjonalt.

– Det er aller fyrste gongen ein forfattar som skriv på nynorsk, vert æra på denne måten, og det er heile 95 år sidan førre gongen ein norsk forfattar vart tildelt nobelprisen i litteratur. Dette er ei historisk hending, og Fosse vil for alltid verta skriven inn i litteratursoga både i og utanfor Noreg. Regjeringa vil heidra den eineståande internasjonale posisjonen Jon Fosse har oppnådd, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding frå regjeringa.

Den årlege førelesinga skal haldast av ein internasjonalt kjend forfattar, dramatikar, litteraturforskar e.l. som vert invitert av Nasjonalbiblioteket i samråd med Jon Fosse. Under dette arrangementet vil det òg verta delt ut eit stipend for opphald i Noreg for ein omsetjar som arbeider med å omsetja norsk litteratur til andre språk. Mottakaren av stipendet vert vald ut av NORLA (Norwegian Literature Abroad) i samråd med Nasjonalbiblioteket.

Jon Fosse er gjord kjent med dette og har gjeve denne kommentaren:

– Eg er svært takksam for at regjeringa vil etablera eit årleg Fosse-føredrag og også etablera eit nytt stipend for omsetjarar av norsk litteratur i samband med at eg blir tildelt nobelprisen i litteratur. At dette blir kunngjort midt i nobelveka, gjer sjølvsagt denne endå viktigare både for meg og for norsk litteratur.

Nasjonalbiblioteket har det praktiske ansvaret for arrangementet.

– Fosse-føredraget skal bringa litt av verda til Noreg, og Fosse-stipendet skal bringa litt av Noreg ut i verda, seier Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i ein kommentar.

– Fosse bur rett nok i Grotten i Slottsparken, men han har ein heim her på Solli plass òg, held Sira Myhre fram. – Under oss, her i dette bygget, ligg alt han har skrive og publisert både i Noreg og i verda. Her er alt som har stått i aviser og tidsskrift, og her er Fosse-arkivet. Fosse-føredraget blir, når det vert halde her på Nasjonalbiblioteket, halde på toppen av heile den norske litterære arven, med manuskripta til Ibsen, Undset og Bjørnson – og Fosse – i botn.

– Fosse-føredraget og utdelinga av Fosse-stipendet blir ei årleg markering av litteraturen og dramatikken si betyding, det skal bli den dagen me set tenkinga og det intellektuelle i senteret for den offentlege samtala, seier Sira Myhre til slutt.