Utviklingsprosjekter

Aktuelle prosjekter: Lesedigg – digital litteraturside for born

Ei ny nettside med litteraturformidling til born mellom 7-13 år, vart lansert i sommar.

Lesedigg.no samlar bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior. Målet er å få fleire born mellom 7-13 år til å lese og å gjere litteraturen lettare tilgjengeleg for dei. Nettsida ønsker å vere eit tilbod og tillegg til biblioteka i deira formidlingsoppdrag for å nå born og unge. Born, lærarar og bibliotekarar har kome med råd og innspel undervegs i arbeidet med nettstaden.

Lesedigg er laga slik at innhaldet lett skal kunne integrerast på nettsidene til folkebibliotek, skulebibliotek og andre nettstadar, gjennom iframe og som rss-straum.

Støtte frå Nasjonalbiblioteket

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Framtida Junior.

Nasjonalbiblioteket har støtta prosjektet med kr 300 000 i utviklingsmidlar. Nettsida blir drifta av Framtida Junior. Du kan finne både søknaden og sluttrapporten i prosjektbanken på våre sider.