Digitalt påfyll: Kva seier forskinga om høgtlesing med dei yngste?
Professor Trude Hoel vil presentere forskingsbasert kunnskap om betydninga av høgtlesing med dei yngste barna.
Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, og er del av barnehageforskingssenteret FILIORUM sitt leiarteam. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna barns forteljingar, tilrettelegging av språk- og leseaktivitetar, og lesing og implikasjonar av digitalisering. Hoel samarbeider med praksisfeltet, offentleg sektor og næringslivet i fleire utviklings- og forskingsprosjekt, til dømes i kompetanse- og samarbeidsprosjektet SPrELL, der ho er prosjektleiar.
Arrangementet vil fungere som eit avspark for ei digital møterekke om dei ulike leksjonane i læringsressursen Leselyst med dei minste. I denne samanheng kan leksjon 2 om betydinga av lesing og korleis lese med dei yngste vere relevante.
Webinar om ulike tema
Møterekka presenterer eit tema frå læringsressursen fire tysdagar på frå 09.00-09.30 og du melder deg på på ein gong for heile møterekka.
Nokre fylka arrangerer digitale samlingar for sine kommunar om tema i etterkant av dei ulike webinara. Sjekk kalenderen på ditt fylkesbibliotek for å melde di interesse.
15.10. – Bokstart og språk frå første stund -ved Sigrun Feiring
22.10. Tøyveskebiblioteket – ved Veronica Mørch og Malin Kvam
29.10. Litterære opplevingar for alle – ved Ellen Marit Schjerverud og Aase Wivestadd
5.11. Bok i bruk i barnehagen/Lesefrø – ved Siri Larsen og Astrid Sundset Moe
Digitalt påfyll er del av det nasjonale samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF). Deltaking krev påmelding, og du får tilsendt ei unik lenke. Påfylla kan du sjå i opptak på Bibliotekutvikling.no.