Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge 

Norsk barnebokinstitutt tilbyr eit årsstudium i Samtidslitteratur for barn og unge

Tilbodet er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.

  • Neste søknadsfrist: våren 2024
  • 1-årig vidareutdanning på deltid
  • 30 studiepoeng

Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, dialogiske og fleksible arbeidsformer, og læringsgrupper kor studentane får utbytte av kompetansen til kvarandre. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping, og har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv

Opptak og opptakskrav

For å kvalifisere til opptak må du ha utdanning som er relevant for arbeid med barne- og ungdomslitteratur eller formidling av slik litteratur. Det kan for eksempel vere bibliotekar-, litteratur-, lærar- eller andre relevante studium.

Søknaden skal innehalde

  • CV med informasjon om utdanning og yrke, samt namn, adresse, telefon og e-postadresse
  • Motivasjonsbrev: Skriv om motivasjonen for å søke og studiet sin relevans for din noverande arbeidssituasjon
  • Relevante attestar og vitnemål