Leselyst med dei minste – saman om lesekultur
31. august vart den nye læringsressursen «Leselyst med dei minste – saman om lesekultur» lansert! Læringsressursen er eit bidrag for biblioteka som ønskjer å styrke innsatsen sin for å nå ut med lesing og litteratur hos dei yngste barna 0-6 år.
Vestland fylkesbibliotek har leia ressursgruppa og utvikla læringsressursen saman med Viken fylkesbibliotek, Vestfold og Telemark fylkesbibliotek, Trøndelag fylkesbibliotek, Nordland fylkesbibliotek, Siri Larsen ved Deichman bibliotek og Sigrun Feiring ved Forenigen !les. Satsinga er del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek» og er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket og Foreningen !Les.
Fekk du ikkje sett lanseringa som introduserte satsinga, kan du sjå den i opptak her.