Kompetansebanken

Kompetansebanken er ei nyutvikla teneste tilgjengeleg på bibliotekutvikling.no som gir oversikt og tilgang til varierte kunnskapspåfyll for bibliotektilsette. Nettkurs, formelle studium, handbøker, fagvideoar, seminar og andre ressursar, er samla for å dele og gi lett tilgang.

Gå til kompetansebanken

Utviklinga har vore eit initiativ frå prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF), og i nært samarbeid med Nasjonalbiblioteket som har fylgt opp med teknisk løysing og drift. Ei fagleg ressursgruppe med representantar frå fylkesbiblioteka og Nasjonalbiblioteket er ansvarleg for å fylgje opp innhaldet i kompetansebanken og gi råd til dei som ønskjer å produsere nye ressursar.

Lær meir om kompetansebanken i opptak frå lanseringssendinga på digitalt påfyll 14. 09.