2016: Å vere menneske blant menneska. Tor Jonsson 1916–1951
Generell informasjon
I 2016 er det 100 år sidan forfattaren og avismannen Tor Jonsson vart fødd – i Lom i Gudbrandsdalen. Nasjonalbiblioteket markerer jubileet mellom anna med å tilby jubileumsplakatar om Tor Jonsson til bibliotek i heile landet.
Med fast rytme, korte verseliner og store tema skreiv forfattaren og journalisten Tor Jonsson (1916–1951). Han tok sitt eige liv berre 34 år gamal, men arbeidet hans set framleis spor. Jonsson hadde ei klår kjensle av rettferd, og viste sterkt sjølvstende i meiningane sine om samfunnet.
Nasjonalbiblioteket har tatt utgangspunkt i lyrikaren og avismannen Tor Jonsson i dei to jubileumsplakatane som bibliotek over heile landet får tilbod om. Plakatane er tenkt som utgangspunkt for eigne Tor Jonsson-utstillingar i biblioteka.
Plakatene kan bestilles via denne lenken.