Nasjonalbiblioteket gir 10 millionar til biblioteka
Nasjonalbiblioteket har fordelt 10 millionar kroner til 63 formidlingstiltak i norske folkebibliotek i 2023. Nesten 90 prosent av dei innkomne søknadane har fått støtte, og meir enn to tredelar av kommunane over heile landet er omfatta av tildelingane.
Støtta er eit viktig verkemiddel i Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023, der målet er å styrke aktiv litteraturformidling i biblioteka.
Du finn ei oversikt over tildelingane her.
Tildelings- og avslagsbrev til biblioteka vert sendt ut per epost i januar.
– Formidling av litteratur er essensielt for å skape leselyst. Biblioteka gjer ein formidabel innsats for å formidle litteratur ut til små og store over heile landet, og med desse midla vil dei nå enda fleire. Regjeringa vil prioritere biblioteka også framover, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Midla skal bidra til at folkebiblioteka går aktivt ut og formidlar litteratur og innhaldet sitt i lokalmiljøa, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen.
– Vi ser at biblioteka prioriterer formidlingstiltak retta mot ungdom. Fleire får også støtte til å utvikle den digitale litteraturformidlinga, til dømes gjennom podkastproduksjon, seier direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand.
Mange bibliotek har fått støtte til å styrke samarbeidet med skular og barnehagar, og mange har tatt oppfordringa frå bibliotekstrategien, om å bruke midla til å samarbeide på tvers av både kommune- og fylkesgrenser.
– Fleire storbybibliotek ønskjer å samarbeide med nabokommunar for deling av ressursar, formidlarar eller formidlingsopplegg, fortel Tinnesand. – Eit døme på dette er Drammen som set i gang eit samarbeid med Kongsberg, Øvre Eiker og Holmestrand om formidling til ungdom.
Fylka Rogaland og Nordland har planlagt samarbeid om formidlingstiltak mellom ei rekkje kommunar, og fylkesbiblioteket i Trøndelag får 1,5 millionar kroner til å føre vidare eit samarbeid mellom landets fylkesbibliotek for å styrke formidlingskompetansen til bibliotektilsette. Vestfold og Telemark fylkesbibliotek får 950 000 kroner kvart år gjennom strategiperioden til å vidareutvikle Sommarles som ei nasjonal lesekampanje for barn.
Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir halde på same nivå som i fjor.
Tildelings- og avslagsbrev til søkjarane vert sendt ut i januar til biblioteket si e-postadresse. Vi minner om at biblioteka må hugse på svare på sendinga med ei akseptering av tildelinga.