Flest besøk på biblioteket av born med innvandrarbakgrunn

Figur: SSB

Heile sju av ti born med innvandrarbakgrunn har nytta folkebiblioteket i løpet av det siste året, viser ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå.

71% av born mellom 9-15 år med innvandrarbakgrunn seier dei har besøkt eit folkebibliotek i løpet av dei siste 12 månadane. Tilsvarande tal for born i heile befolkninga er på 58%. Dette viser rapporten «Kulturbruk blant personer med innvandrerbakgrunn» som kom ut den 30. juni.

Undersøkinga som er gjort av SSB er eit tillegg til Norsk kulturbarometer 2021. Eit representativt utval av  innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som var 9 år eller eldre, er intervjua om sin bruk av ulike kulturtilbod det siste året.

Rapporten viser at folkebiblioteket er mykje brukt av personar med innvandrarbakgrunn uansett alder. I tillegg har rapporten tal på besøk etter enkeltland, informasjon om kva folk bruker biblioteket til, andelen som les bøker og tal på bruk av andre kulturtilbod.