15 millionar til formidling av Ibsen

Kultur- og likestillingsdepartementet set av 15 millionar kroner til formidling av Ibsen i folkebiblioteka for 2027 og 2028.

I 2028 er det 200 år sidan Henrik Ibsen vart fødd. Jubileumsåret skal markerast over heile landet og det er Nasjonalbiblioteket som har oppgåva med å koordinere feiringa.

Kultur- og likestillingsdepartementet seier i ei pressemelding 28.oktober at dei set av 15 millionar kroner til formidling av Ibsen i folkebiblioteka.

– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å ta vare på – og formidle – historia om Noregs viktigaste dramatikar. Vi ønskjer at nye generasjonar skal bli kjent med dramatikken og forfattarskapen hans, og difor gir vi 15 millionar kroner som skal gå til markering av 200-årsjubileet på bibliotek over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i meldinga.    

Midlane til biblioteka skal byggje opp under gode samarbeidsprosjekt mellom folkebibliotek og andre lokale og regionale aktørar i Noreg.

Midlane kjem frå spelemidlane og er ein del av dei årlege prosjekt- og utviklingsmidlane som forvaltast av Nasjonalbiblioteket. Brorparten av midlane vil lysast ut i 2027. Sjølve innretninga av midlane vil Nasjonalbiblioteket komme tilbake til.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Hold deg oppdatert

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.