Biblioteka får fire millionar til demokratiarbeid for ungdom
Biblioteka får fire millionar til demokratiarbeid for ungdom
Nasjonalbiblioteket vil dele ut fire millionar kroner til biblioteka i landet for å skape gode demokratiske møteplassar for ungdom.
Målet med tiltaket er å styrkje ungdom si forståing av demokratiske verdiar som likestilling, ytringsfridom og medborgarskap. Tiltaket er ein del av regjeringa sitt arbeid mot hatytringar og hets.
Midlane vil delast ut i løpet i kort tid, og Nasjonalbiblioteket vil forvalte ordninga.
– Biblioteka er ein av få stader der ungdom kan møtast på tvers av bakgrunn og interesser, og der det er rom for å utforske ulike synspunkt. Desse midlane støttar opp om det arbeidet biblioteka allereie gjer som sentral del av vår demokratiske infrastruktur, og legg til rette for fleire gode møte mellom ungdom der dei kan finne og bruke si eiga stemme og meiningar i diskusjon med andre, seier avdelingsdirektør Grete Stuevold Madsbakken.
Del av strategi mot hatytringar
Regjeringa startar hausten 2026 opp arbeidet med ein ny strategi mot hatytringar. Strategien skal verte ferdig i 2027, medan midlane vert løyvde til bibliotek allereie no. Det er gjort fleire tiltak av ulike departement tidlegare mot hatytringar, hatkriminalitet og hets. Med denne strategien vil regjeringa no sjå på all innsatsen i samanheng.
Detaljar kring ordninga
Nasjonalbiblioteket arbeidar no med å utforme ordninga, og vil diskutere ordninga si innretning med fagrådet i oktober. Informasjon om kven som kan søkje og kva det kan søkjast støtte til vert publisert på bibliotekutvikling.no i løpet av hausten.