Styrker bibliotekas digitale infrastruktur

Nasjonalbiblioteket følgjer opp arbeidet med felles nasjonal digital infrastruktur, og  løyver fem millionar kroner for å få fleire bibliotek og kommunar med i utviklinga av ei felles digital formidlingsløysing.

Med støtteordninga ønsker Nasjonalbiblioteket å gjere det enklare for fleire bibliotek å vere med frå starten og ta i bruk felles digital formidlingsløysing når ho er klar. Eit mål er at biblioteka får eit betre og likare digitalt tilbod og vert meir synlege ut mot publikum. Samtidig får sektoren gode og berekraftige verktøy.

Ei oppfølging av bibliotekstrategien

Tiltaket følgjer opp den utvida nasjonale bibliotekstrategien (2020–2025). Strategien slår fast at Nasjonalbiblioteket, i tett dialog med sektoren, skal bidra til ein felles nasjonal digital infrastruktur og samtidig vurdere korleis denne kan organiserast og finansierast vidare.

Etter ei behovskartlegging og utgreiing er arbeidet no i ein gjennomføringsfase, leia av KS Digital. Ein anskaffingsprosess for å utvikle ei felles formidlingsløysing er i gang, ei løysinga som blant anna skal gje biblioteka moderne, brukarvennlege nettsider og betre moglegheiter for samarbeid og ressursdeling.

Dialog om fordeling av midlane

Nasjonalbiblioteket skal gå i dialog med fylkesbiblioteka om ei hensiktsmessig innretning på støtteordninga, og kjem med nærare informasjon om fordelinga.

Ordninga føreset at vi får tildelt midlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet som dekker løyvinga.

Vi vil også få avklart spørsmålet om det kjem midlar til prosjektutlysing i 2026, når tippemidlane for året blir vedtekne og fordelte i slutten av mai.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.