Kom i gang med Nettbiblioteket
Kom i gang med Nettbiblioteket
Ein enkel inngang som viser eit utval av kva du kan bruke Nettbiblioteket til, og korleis du kan byrje å utforske på eiga hand.
Nettbiblioteket rommar enorme mengder innhald, men mange opplever det som krevjande å finne fram. Terskelen kan kjennast høg, og kanskje særleg dersom du skal anbefale databasen til andre.
Difor har publikumsrettleiinga no laga Kom i gang med Nettbiblioteket – ein enkel inngang som viser eit utval av kva du kan bruke Nettbiblioteket til, og korleis du kan byrje å utforske på eiga hand.
Interessert i oppskrifter og inspirasjon til handarbeid? Likar å drøyme deg bort i gamle postkort og nostalgi? Finne deg sjølv eller andre i gamle aviser?
Målet med desse sidene er å gjere det lettare å orientere seg, senke terskelen for å prøve, og gi tryggleik til å gå vidare.
Spør Nasjonalbiblioteket
Nysgjerrig på meir av kva Nasjonalbiblioteket tilbyr?
Fredag den 3. mars held publikumstenesta ved Nasjonalbiblioteket ein fagdag der dei viser fram og går gjennom ulike tenester og tilbod du som bibliotektilsett kan tilby brukarane dine.
Meld deg på fagdagen fysisk i Oslo, eller følg oss på strøyming!
Sjå program:
