Slik kan du få ei stemme i Kulturrådets arbeid
Slik kan du få ei stemme i Kulturrådets arbeid
Kulturrådet ønskjer forslag til nye utvalsmedlemmer for 2026-2027

Kulturrådet skal utnemna nye utval og ønskjer innspel til medlemmer frå heile landet og med ulik fagkompetanse, bakgrunn og alder. Snart skal det utnemnast nye utval for perioden 2026 –2027, og du kan foreslå medlemmer.
Du kan foreslå nye utvalsmedlemmer som enkeltperson eller på vegner av ein organisasjon. Det er også mogleg å foreslå seg sjølv. Fyll inn felta i skjemaet og beskriv kva kunnskap og erfaring den du foreslår har, som du meiner er relevant for Kulturrådets arbeid.
Det er til saman 15 fagutval under Kulturrådet innanfor fagområda visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturvern, tidsskrift og kritikk, forsking og utvikling og tverrgåande ordningar. I tillegg er det ni vurderingsutval for innkjøpsordningane på litteratur.
Fagutvala vurderer og diskuterer søknader innanfor sitt område, og bestemmer kva som skal få tilskot. Vurderingsutvala for litteratur vurderer bøker til innkjøpsordningane og avgjer kva påmelde bøker som blir kjøpte inn til biblioteka.
Fagutvala bidreg også til diskusjonane til rådet om behovet til kunst- og kulturfeltet, kva Kulturrådet skal satsa særleg på og korleis tilskots- og innkjøpsordningane bør vera innretta.