Søk om midlar for å opprette rettleiingstilbod i digital kompetanse

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) lyser ut støtte på 8 millionar kroner til kommunar som vil opprette rettleiing og opplæringstilbod innan digital kompetanse

To personer vises med hender, tastatur og skjema i ein veiledning.

Kommunar som vil opprette og utvikle eit tilbod om opplæring til sine innbyggjarar kan søkje.

Søknadsfristen er fredag 28. august 2026 innan kl. 24.00.

Formålet med ordninga er å leggje til rette for etablering av eit lågterskel rettleieingstilbod for innbyggjarar med liten eller ingen digital kompetanse. 

Rettleiingstilbodet skal gje innbyggarar, som har eit behov, moglegheit til å tileigne seg dei grunnleggande digitale ferdigheitene som trengst for å kunne ta i bruk digitale verktøy og digitale offentlege tenester frå kommune og stat.

Tilskotsordninga skal bidra til å nå regjeringa sitt mål i digitaliseringsstrategien om auka digital kompetanse hjå dei gruppene som opplever digitale barrierer og digital utanforskap.

Dømes på kva tilskotet kan brukast til:

  • finansiering av rettleiing innan i digitale ferdigheiter
  • kompetanseheving av personell som skal drifte rettleiingstilbodet
  • marknadsføring av tilbodet til aktuelle målgrupper
  • legge til rette for at innbyggarar som treng det kan delta fysisk og ta i mot opplæring, til dømes universell utforming av rettleiingsstader eller kostnader til dekning av særskilde utgifter for transport av deltakarar som ikkje kan bruke vanleg kollektivtilbod
  • innkjøp av nødvendig spesialutstyr som er strengt nødvendig for å gjennomføre opplæring og rettleiing, f.eks. skjerm for undervisning og nokre smarttelefonar og nettbrett til undervisningsformål.

Kommunen/kommunane må stå som ansvarleg søkjar overfor direktoratet, men tiltaket kan utførast i samarbeid med andre kommunar eller med bistand frå frivillige organisasjonar.

Søknadsfrist fredag 28. august 2026 innan kl. 24.00.

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.