Statsbudsjettet 2025 : Leselyst
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år, vert midlar knytta til tiltaka i leselyststrategien «Sammen om lesing» fordelt på følgjande måte, i følge pressemeldinga frå Kultur- og likestillingsdepartementet:
- Kulturrådet si skulebibliotekordning – 8,1 millionar kroner:
Skal bidra til at elevar får betre tilgang til eit variert og aktuelt utval av bøker i skulebiblioteka. - Innkjøpsordningar under Kulturrådet – 3 millionar kroner:
Skal bidra til meir variert og aktuelt utval av teikneseriar og sakprosa for barn og unge i biblioteka. - Leseorganisasjonar – 6 millionar kroner:
Pengane er fordelt mellom Leser søker bok, Foreningen !les og Norsk forfattersentrum. Målet er å bidra til å styrke arbeidet med litteraturformidling for barn og unge. - Litteraturhus – 3 millionar kroner:
Pengane blir fordelte mellom litteraturhusa i Bergen, Fredrikstad, Odda, Oslo, Skien og Trondheim. Tiltaket skal bidra til å styrke arbeidet med litteraturformidling for barn og unge.
I tillegg har kultur- og likestillingsministeren i år sett av 23,3 millionar kroner frå spelemidlane for å følgje opp tiltak i leselyststrategien. Desse blir fordelte i løpet av hausten slik:
- Kulturrådet si skolebibliotekordning: 5 millionar kroner
- Kulturrådet sitt arbeid med litteratur på nynorsk, samisk og minoritetsspråk: 2 millionar kroner
- Den kulturelle skolesekken, litteraturformidling: 8,3 millionar kroner
- Innkjøpsordningar under Kulturrådet: 3 millionar kroner, fordelt på 1 million kvar til sakprosa, skjønnlitteratur for barn og unge og oversett litteratur
- Kulturrådet si ordning for litteraturformidling for barn og unge: 5 millionar kroner