Norsk mediebarometer 2023

Norsk mediebarometer 2023 viser at ein av fire i befolkninga les papirbøker på fritida ein gjennomsnittsdag.

Forside av rapport Norsk mediebarometer, SSB

Norsk mediebarometer er ein publikasjon basert på Statistisk sentralbyrå si årlege undersøking om mediebruk. Kva medium nyttar vi, og korleis er dei ulike media fordelt på alder, kjønn og utdanningsnivå? 14. mai kom resultata for 2023, der vi blant anna finn tal for utvikling i lesinga i befolkninga.

Graf som viser bruk av ulike medietypar frå 1991 og fram til 2023. Blant anna har dagleg bruk av Internett auka frå 7 % i 1997 til 94 % i 2023 , medan dagleg bruk av papiraviser har falle frå 84% i 1991 til 17% i 2023.

Av dei overordna funna viser årets barometer oss at vi brukar meir og meir tid på internett for kvart år som går. Nedgangen i lesing av papiraviser fortset også. Eit anna sentralt funn er at vi i mindre grad ser og les nyhende gjennom redaktørstyrte medium. Samstundes får vi i aukande grad nyhende gjennom sosiale medium.

Lesing av bøker

For biblioteka er tala for lesing av bøker særleg interessante, og det også i årets rapport. Årets undersøking viser at omtrent ein av fire les papirbøker på fritida ein gjennomsnittsdag.

Grafen viser at det er fleire kvinne enn menn som les. Inndelt i ulike aldersgrupper les dei eldste (67-79 år) mest, og inndelt etter utdanning les dei med universitet- og høgskuleutdanning mest.

Etter ein nedgang i lesing av papirbøker utover 90-tallet, har andelen no stabilisert seg til rundt ein fjerdedel av befolkninga dei siste åra. I snitt brukar folk 17 minutt på papirboklesing ein gjennomsnittsdag, det same talet som i 2022.

Det er dei eldste og dei yngste som les mest papirbøker i følge undersøkinga. Blant dei yngste i befolkninga (aldersgruppa 9-15 år) les 28 prosent papirbøker ein gjennomsnittsdag. Dei yngste les i større grad e-bøker enn dei eldste i befolkninga

Andelen boklesarar er framleis høgast blant dei mellom 67- 79 år, og det er framleis ein større andel kvinner enn menn som les bøker.

Det er viktig å understreke at tala i denne undersøkinga gjeld boklesing på fritida. Bøker som vert brukt i samband med arbeid, skule eller anna utdanning, vert ikkje rekna med. Heller ikkje høgtlesing for barn.

Norsk mediebarometer er ein rapportserie basert på Statistisk sentralbyrås årlege undersøkingar om mediebruk. I desse undersøkingane svarer eit representativt utval av befolkninga i alderen 9-79 år på spørsmål om bruk av, og tilgang til, ulike medium.

Mediebarometeret tek for seg utviklinga for dei ulike medietypane tilbake til 1991, noko som gjev oss ei verdifull innsikt i trendane over tid. Rapporten viser nordmenn sine medievanar når det gjeld fritidslesing, avislesing, tv-sjåing og radiolytting. Den gjev oss også eit innblikk i overgangen frå papirbaserte til nettbaserte media og framvekst av nye medium og plattformer.