Tilskot til digitale hjelparar
Kommunar som hjelper innbyggarane aktivt til å ta i bruk digitale tenester kan no søke tilskot til kurs og rettleiingsopplegg. Digdir lyser ut ein pott på åtte millionar kroner til formålet. Frist 14. juni
Tilskoted til digital hjelp skal legge til rette for etablering av eit rettleiingstilbod for innbyggarar som har liten eller ingen digital kompetanse. Formålet er å gi deltakarane dei grunnlaggende ferdigheitene dei treng for å kunne ta i bruk digitale verktøy og offentlege tenester på nett.
Eingongsstøtte
Tilskotet vert gjeve som eingongsstøtte. Tildelinga føreset ein plan for vidare drift og finansiering etter tilskotsperioden. Slik ønsker ein at tilbodet vert varig etablert ut frå behova til ulike målgrupper.
Kommunane kan søke tilskot fram til 14. juni 2024.