Nasjonal bibliotekstrategi -Referat frå møte i strategisk råd
Nasjonal bibliotekstrategi skal gjennomførast i perioden 2020–2025, og strategisk råd skal gje råd til Nasjonalbiblioteket i arbeidet.
Rådet møtes to gonger om året, og haustens møte fann stad 17.10.2023.
Hovudsaka i haustens møte var innhaldet i den utvida nasjonale bibliotekstrategien som vart lagt fram av Kultur- og likestillingsdepartementet den 29. september 2023
Strategisk råd er med i drøftingar om heile strategien. I dette møtet hadde Nasjonalbiblioteket særskild bedt om innspel og tilbakemelding frå rådet om korleis NB skal setje i gang arbeidet med digital infrastruktur for folkebiblioteka.
I tillegg drøfta rådet blant anna følgene av dei nye retningslinene for fjernlån, utlysinga av midlar, bokhylla-avtalen samt status for tiltaka i strategien.
Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet. Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.