Utvida nasjonal bibliotekstrategi – ut 2025
– Biblioteka gjer ein kjempejobb for å vekkje leselyst og nå ut til folk. Vi vil styrke dei i det viktige arbeidet dei gjer, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.
Kultur- og likestillingsdepartementet utvidar no den nasjonale bibliotekstrategien, og styrker arbeidet for lesestimulering og tilgjengelege digitale tenester i biblioteka.
I samanheng med strategien vert tildelinga av prosjekt- og utviklingsmidlar til bibliotekfeltet auka med 5 millionar kroner. Midlane skal gå til lesestimuleringstiltak i biblioteka, og vil lysast ut av Nasjonalbiblioteket.
I 2023 er totalt 54,7 millionar kroner av spelemiddeloverskotet frå Norsk Tipping fordelt til bibliotektiltak.
Spre leseglede
– Litteratur og lesing er enormt viktig for deltaking i samfunnet og for demokratiet vårt, men òg for kvar og ein av oss. Som eit opent og gratis tilbod for alle, har biblioteka våre ein heilt unik moglegheit til å spreie leseglede hos barn, unge og vaksne i heile Noreg. Difor er det så viktig for oss å fortsette å styrke biblioteka, seier kultur- og likestillingsministeren.
Biblioteka skal bli betre digitalt
Nytt i strategien er óg at Nasjonalbiblioteket skal samarbeide med biblioteka for å betre tilgangen på digitalt innhald, som aviser, tidsskrift, film og e-bøker.
Folkebibliotek rundt i landet opererer i dag med ulike nettsider og apper, og tilbyr ulikt digitalt innhald. Dette fører til skilnadar for brukarane. Strategien legg opp til at Nasjonalbiblioteket saman med biblioteka skal arbeide saman for å finne fram til betre løysningar slik at folk i heile landet kan få tilgang til eit større og likare bibliotektilbod.
– Gjennom biblioteket skal alle ha tilgang til eit stort og variert innhald både av fysisk og digitalt materiale. Innhaldet skal formidlast til brukarane i brukarvenlege digitale system. Dette er målet for satsinga på felles digital infrastruktur, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i pressemeldinga.
Den utvida bibliotekstrategien skal gjelde ut 2025. Det er Nasjonalbiblioteket som følger opp tiltaka i strategien. Utvidinga må sjåast i samanheng med regjeringas kommande leselyststrategi for å auke leselyst og bygge god lesekultur. Denne strategien kjem i 2024.