Bibliotekets litteraturpris 2023

Bibliotekets litteraturpris er lesarane og biblioteka sin pris til den beste norske boka som gjeve ut i Noreg dei siste fem åra.

Dei ti bøkene på kortlista for 2023 er no klare. Alle lesarar og tilsette ved bibliotek vert oppmoda til å låna, lesa og stemma på sine tre favorittar innan 6. september.

Bøkene på lista inneheld litteratur for vaksne utgjeve på norsk i løpet av dei siste fem åra. Ei bok som har vore nominert eitt år, kan ikkje nominerast igjen det neste året.

Presentasjon av bøkene i digitalt påfyll

8. juni vil Tomas Gustafsson frå Sølvberget presentere dei nominerte bøkene og fortelje kort om prisen i eit digitalt foredrag.

Les meir og meld deg på digitalt påfyll.

Om prisen

Det er dei åtte storby-biblioteka i Oslo, Bergen, Stavanger,  Trondheim, Kristiansand, Tromsø, Drammen og Bærum som tok initiativ til prisen, og står bak arbeidet med lista av nominerte bøker.

Målet er å skape blest om god litteratur, og få vaksne til å lese meir. Det er også eit mål å få alle folkebibliotek over heile landet med på kampanjen.

Prisen vart delt ut for fyrste gong i 2022, og vert i år delt ut under Kapittelfestivalen i Stavanger, 20. september.

Nasjonalbiblioteket har støtta prosjektet med midlar, med vekt på etablering av prisen og formidlinga av de nominerte bøkene.