Torill Berge vann deltaking på bibliotekleiarkonferansen 2023

Toril Brekke leiar ved Gloppen bibliotek, ved sida av ein utlånsautomat

Torill Berge som er biblioteksjef i Gloppen kommune er trekt ut som vinnar av deltaking og tur til bibliotekleiarkonferansen 2023. Konferansen finn stad den 18. og 19. oktober.

Torill Berge var ein av dei 136 bibliotekleiarane som svarte på vår spørjeundersøking om kjennskap til Norsk Lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) og bruken av tenestene deira i norske folkebibliotek.

God dag Torill, du har vunne deltaking til årets bibliotekleiar konferanse, kva syns du om det?

– Det var ei stor og gledeleg overrasking! Dette er ein konferanse eg aldri har reist på – det er dei lokale og regionale samlingar som har blitt prioritert her, både av økonomiske og kapasitetsmessige grunnar. So det skal bli veldig kjekt. Det er jo svært viktig å følgje med på kva som skjer og kva som vert diskutert på den nasjonale arenaen også, i eit tid med så raske endringar som no.

Folkebiblioteket i Gloppen er lokalisert i noko som heiter Trivselshagen, kva er det?

-Trivselshagen er ei todelt bygningsmasse som inneheld idretts- skule- og kulturbygg, på Sandane i Gloppen kommune, i Nordfjord.

Vi har registrert at biblioteket held stengt no i starten av februar, kva er det som skjer?

– Vi held på med skifte av utlånsteknologi, frå strekkode til RFID. Så no er det ein stor og konsentrert sjau, der vi legg brikker i det meste av samlinga.

Kva er planane når de opnar dørene att?

-Då vert det sjølvsagt arbeidd vidare med RFID-brikkinga. Vi er spente på kor mykje feil det blir på utlåns- og innleveringsautomat, og på leseplater i skranke. Men det er jo ein overgang. Elles står prosjekta i kø, først vert det forfattarturnéar i  den vidaregåande skulen og alle barneskulane i mars, det skal jobbast vidare med regionalt samarbeid om nytt biblioteksystem, og avtalen med den vidaregåande skulen om vårt felles bibliotek skal reforhandlast i løpet av våren. Og så skal helst kvardagslivet i biblioteket driftast godt. Med  våre 2,65 årsverk så er arbeidsdagane travle, utfordrande og inspirerande!

Lykke til med det og velkomen til årets Bibliotekleiarkonferanse. Vi gler oss.

Hald av datoane 18. og 19. oktober for Bibliotekleiarkonferansen 2023.