Kulturrådet etablerer ny modell for innkjøp av tidsskrift til biblioteka

Den nye modellen skal gjere det lettare å spreie tidsskrifta til nye lesarar, samtidig som biblioteka kan abonnere kostnadsfritt.

I den nye modellen søker tidsskriftet fyrst Kulturrådet om å bli godkjent for innkjøp til folkebiblioteka. Deretter legg biblioteka inn sine ynskjer om abonnement, innanfor ordninga sine rammer.

Dagens tilskotsordning og abonnementsmodell for tidsskrift og kritikk vart oppretta i 2019. Etter ei evaluering av ordninga, utført av Høgskulen i Volda, har no Kulturrådet vedteke å etablere ein ny modell.

Den nye modellen vil gjelde frå hausten. Søknadsfristen er 2. september 2022, og det vil også verte eit informasjonsmøte om endringane den 18. august i regi av Kulturrådet.

Les meir på Kulturrådet sine nettsider.

Heile rapporten frå Høgskulen i Volda: «Kulturtidsskrift i norske folkebibliotek – en analyse av ordningen med subsidierte tidsskriftabonnement»