Formidling under klimakrisa – om mulegheitene i strømming

Vi samla oss framfor fjernsyna samstundes, i kvar vår stove. Ligg framtida i å samle oss kring arrangement live på storskjem på folkebiblioteka?

 Tekst: Mette Karlsvik

– Det blei ein liten snakkis etterpå!

Elin Anita Olsrud sit på kulturhuset på Svalbard, på over 78 gradar nord, 120 mil frå Nordpolen og halvannan times flytur frå Tromsø. Olsrud er bibliotessjef for eit folk på 2500 innbyggarar, på ei øy som det er relativt tungvint å ta ein svipptur innom. Sjølv for forfattarar som er vante til å reise langs Noregs langstrakte land for å formidle litteratur. Men på under tre månadar har Svalbard hatt tre arrangement i nasjonal klasse: Rett før jul var Thorvald Steen, Sissel Gran, Dag Solstad og Håkon Bleken på biblioteket og i januar Tiril Broch Aakre, Else Kåss Furuseth og Finn Skårderud.

Dette var direkteoverføringar live frå Oslo. Longyearbyen bibliotek fekk tilbodet av Litteraturhuset i Oslo, ein aktør som i alle år har overførd internt på huset, men som av omsyn til dei på scena har vore atterhaldne med å legge strømmingane på nett.

Det er ikkje mange bibliotek som lagar arrangementer rundt ekslusivt tilbydde arrangement, som på Longyearbyen bibliotek. Synest du allikevel direktestrømming høyrst kjent ut, så kan du blant anna ha fått med deg opne strømmingar frå Nasjonalbiblioteket, den største statlege aktøren på litteraturfeltet. Dei strømmar ope for alle.

Nasjonalt mandat

– Vi valde den opne løysing for at formidlinga vår skal vere tilgjengeleg for alle i heile Noreg, begynner programsjef på Nasjonalbiblioteket, Eline Skaar Kleven.

Programsjefen for Noregs største, nasjonale aktør forklarar at den opne politikken handlar om Nasjonalbibliotekets unike, nasjonale posisjon og mandatet frå Kulturdepartementet. Blant anna har dei eit ansvar for å markere viktige forfattarjubileum. Nasjonalbiblioteket har også eit enormt materiale å ta ifrå når dei programmerer.

Programsjef Eline Skaar Kleven og Nasjonalbiblioteket var tidleg ute med å gjere strømming til standard på sine arrangement.

Foto: Nikolaj Blegvad/Nasjonalbiblioteket

Avleveringsplikta gjer Nasjonalbiblioteket til eit nesten totalt arkiv over alt som blir – og har blitt –  publisert i Noreg. Bøker, aviser, flygeblad, kart, bilde, brev, plakatar, lyd, leksika, og mykje meir ligg tilgjengeleg i arkiva, digitalt eller analogt, og er tilgjengeleg for alle. Og mykje av dette blir gjenstand for arrangement programmert av Skaar Kleven og laget hennar.

Når ho blir oppmoda om å gi eit anslag på kor mange arrangement dei strømmar live og direkte på eitt år, så kjem ho til rundt to hundre. For sjølv om deltakarar kan seie ifrå seg mulegheita til å bli strømma, synest dei aller fleste at det er fint at arrangementa blir tilgjengeleg for folk som bur utanfor Oslo også. Eit sekssifra tal følgjer bibliotekets strømming eller podcast.

– To tredjedeler av dei som følgjer med sit utanfor Oslo, i  dette ulne «resten av landet», som dei seier her i byen.

– Lagar mottakarar arrangement ut av det som blir strømma frå Nasjonalbiblioteket?

– Eit sjukehus meldte om at dei sette opp arrangement av oss på skjerm i fellesstova, og fleire bibliotek har meldt at dei har strømma mellom anna dialektarrangementa «Høtt sa du?» . Til no har vi ikkje gått aktivt inn for å samle informasjon frå biblioteka om dei nyttar strømminga vår, men alle arrangementa våre ligg tilgjengelege på nb.no for alle som ønskjer å sette opp visingar.

– Vi har nokre ting som skjer her som er bibliotekspesifikt, som biblioteksseminar med bilbioteksfagleg innhald, og fagseminar som går på Nasjonalbiblioteket sine samlingar. Men vi har også eit bredt og omfattande program om film, historie, musikk, konsertar og litteratur som formidlar kulturhistoria vår til eit stort allment publikum.

Er verda på vei mot stupet? Foredrag med Terje Tvedt på Nasjonalbiblioteket, strøyma til kafeen utanfor foredragssalen. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbibloteket

Eg lurer på kva av arrangementa deira som har slått særleg an.

– I haust arrangerte vi ei foredragrekke med Terje Tvedt om 5000 års verdshistorie gjennom seks foredrag. Til no har foredraga hatt meir enn 50.000 nedlastingar, som er ganske unikt. Det nevnte dialektshowet «Høtt sa du?» med Linda Eide er alltid populært via strømming både av privatpersonar og bibliotek landet rundt, og viser at alt om dialektar slår an!

Blant dei mange arrangementa i nær framtid vil Skaar Kleven trekke fram Olaug Nilssens foredrag om Anne-Cath. Vestly i tilknytning 100-årsjubileet. Interesserte bibliotek kan også bestille ei plakatutstilling frå Nasjonalbiblioteket om Vestlys forfattarskap. Ei veke seinare, 20. februar skal dessutan Nils Bech, Kari Slaatsveen og fire skodespelarar lese brev frå samlinga i arrangementet Levande brev: Kamp.

Klimaansvaret

Når eg kjem ut frå Nasjonalbiblioteket slår ein fønvind mot meg. Det er slutten av januar 2020, men vår i lufta og tørr asfalt. Eg kjenner på kroppen at det er langt til Longyearbyens tretti kjente minusgradar. I krysset ved Litteraturhuset har nokre av kafeane allereie sett ut bord og stolar, der nokre modige menneske sit med kaffiane sine. Klimaendringer krev nye måtar, også i formidlingssektoren. Dette er noko av det som programsjefen på den den største private aktøren i Noreg, Andres Liebe Delsett har tenkt på og kjenner eit ansvar for.

Å gå frå Nasjonalbiblioteket til Litteraturhuset gjer ein best til fots. Men dei aller fleste vil trenge maskindrivne transportmiddel for å dra dit og få med seg noko av dei unikt kuraterte forfattarmøtane og andre litteraturarrangement på Litteraturhuset. Dei deltakande forfattarane inkludert.

Kan ein i klimaendringa sin tid rettferdiggjere å produsere svære, ressursskrevjande arrangement – for eit relativt lite publikum?

Då forfattaren Siri Hustvedt vitja Litteraturhuset i Oslo i fjor, vart billettane førehandsutseld. Litteraturhuset tilbydde strømming til andre rom på huset, som Kjelleren, og selde til slutt ut strømme-billettane til heile huset. Folk stod framleis i kø. Ein idé spira på Litteraturhuset: Ein kan strømme til rom utanfor Litteraturhuset. Samme haust testa dei piloten: Thorvald Steen og Sissel Gran møttest til samtale i Wergelandssalen på Litteraturhuset. Møtet vart også sett av publikumarar i salar frå Spydeberg til Longyearbyen.

– Etter så mange år får ein lyst til at det ein gjer skal leve litt lenger, eller vere meir for fleire.

– Å programmere litteratur er flyktig, seier programsjef Andreas Liebe Delsett.

– Etter så mange år får ein lyst til at det ein gjer skal leve litt lenger, eller vere meir for fleire.

Demokratisering

Store studio var åstad for direktesendte underhaldningsprogram i NRK Radio, og «Direkte fra Store studio» eit omgrep i gullalderen. Direkte fra Litteraturhuset er no arrangert tre gongar i Wergelandsveien 29, og er framleis eit pilotprosjekt. I tillegg til praten mellom Sissel Gran og Thorvald Steen, har Dag Solstad samtalt med Håkon Bleken (9/12-19). 29/1-20 prata Tiril Broch Aakre, Else Kåss Furuseth og Finn Skårderud om sjølvmord. Samtalane var formidla til opp til sju folkebibliotek på ein gong. I tillegg til Longyearbyen og Sandnessjøen har Gjøvik, Spydeberg, Bodø, Harstad og Melhus meldt seg på.

Det er noko spesielt med å vite at det sit folk over heile landet og opplever det same som ein sjølv, seier Liebe Delsett, sjølv om han er litt for ung til å hugse då det var nærmast obligatorisk å sjå dei same programma på statskanalen, samstundes. Er vi på veg tilbake til ein slik form for delt offentlegheit?

– Det liknar, kanskje. Men samtidig er det ulikt. Ein sit ikkje lenger framfor kvart sitt fjernsyn, men i same stove. Det er ein felles offentleg samtale som alle kan delta i. Biblioteka som deltek kan legge opp arrangementet slik at pulikum kan vere att etterpå og samtale.

– Steen har snakka om arveleg muskelsvinn og familieløyndomar. Broch Aakre og Kåss Furuset har snakka om sjølvmord. Det er alvorlege tema som det er bra at ein kan snakke saman om etterpå?

– Ja, og bibliotekane har hatt samarbeid med organisasjonar som Leve, eller kommunepsykiatrien, som følgjer opp opplegga med dialogkafé, samtalegrupper og meir. For Litteraturhuset sine arrangement har ein annan valør enn debattsamtalar eller foredrag ved ein professor frå universitetet. Dei magiske samtalane oppstår når det er litt risiko eller friksjon. Vi treng å ta vare på desse potensielt sett skjøre samtalene. Det at noko blir opna opp for eit større publikum kan endre dynamikken i samtala. Men det kan også tilføre samtala noko.

Det unike møtet mellom biletkunstnar Håkon Bleken og Dag Solstad skjedde i Oslo, men kunne likevel opplevast live i Longyearbyen

I dømet Gran vs. Steen var det ein kvalitet i å tilgjengeleggjere arrangementet, då Steen på mange måtar pratar til folk med funksjonsvariasjonar. Men kan dei som er med over strømming faktisk «vere med» og stille spørsmål til forfattarane i Wergeland?

– I prinsippet kan ein person i Sandnessjøen stille eit spørsmål som går til Thorvald Steen i Wergeland. Vi ønskjer å utvekle dette. Det finst i dag teknologi som demokratiserer spørsmålsstilinga. Ein kan då gjere det lettare for alle som brenn inne med eit spørsmål å stille det. Det finst appar som samlar spørsmål og gjer det muleg å vekta populariteten til tema gjennom antal «røyster» som det eine eller andre saksområdet får, seier programsjefen, som sjølv har ein særleg interesse for samtala mellom publikummarar etter arrangementet. Han stiller seg gjerne påfallande tett på signeringskøa i bokhandelen.

For ei betre framtid

Programsjefen deler ideane sine om miljømedviten programmering for framtida:

– Før ein får høghastigheitstog nordover i Noreg, så er det ikkje lenger så greitt å fly forfattarar til Bodø eller Harstad kvar veke. Vi må finne nye måtar å gjere det på. Eg trur vi er på sporet av ei løysing. Vi ser at Longyearbyen er blant dei mest entusiastiske av alle som har delteke. Dei er også det mest ekstreme dømet på logistikk. Dei kan ikkje fly opp forfattarar i eininga, seier Liebe Delsett.

Å sleppe svært lang reisetid for å utføre eit oppdrag kan betre vilkåra for ein del forfattarar. Og forfattarar sine vilkår er eit poeng: Utan gode bøker og forfattarar finst det ikkje arrangement å formidle. Så kva med inntektstapet som potensielt skjer viss ein turné med ti oppdrag blir slanka ned til éitt, som blir strømma til ni bibliotek?

– Foreløpig er prosjektet berre i ein forprosjektfase. Men om dette blir noko som vi satsar på, så blir det nok utarbeidd ein eigen sats for denne typen oppdrag. Forfattarane må bli kompensert. Men vi trur også at det er andre fordelar i dette for forfattarane: Vi kan bistå forfattarane meir i utveklinga av arrangementet og i enno større grad bidra til å ivareta mangfaldet, auke kvaliteten og utvekle gode moderatorar.

Slik du presenterer dette, så kan teknologien gjere ting for det betre for både arrangørar og deltakarane. Er det slik?

– Slik eg ser det er det ikkje tilstrekkeleg å strømme arrangement på nettet og så seie at det er tilgjengeleg for alle og hensikten oppnådd. Det må fortsatt gjerast eit arbeid med å tilrettelegge, gjere relevant og dessutan sørge for at vi brukar teknologien klokt. Volum er ikkje alt her – om vi skal få til å bygge den felleslitterære-offentlege samtalen vi ønskjer oss, krev det klok bruk av teknologi og aktiv kuratering.

– Kva for bibliotek bør no ta kontakt med deg for å vere med?

– Dette avheng ikkje av stort meir enn hender. Dei som har vore med så langt har til felles ei formidlingskompetanse, og ressursar lokalt til å følgje det opp. Det er fri påmelding.

– Kva arrangement kan du lokke med?

– Joyce Carol Oates! Vi forventar såpass stor interesse for dette at vi vil flytte oss til Det norske teateret, som har større plass. Vi strømmar arrangementet tilbake til Litteraturhuset – og til folkebiblioteka som vil vere med, i mai.

Så Litteraturhuset er større enn Wergelandsveien 29?

Stiftinga er ikkje begrensa av vårt fysiske bygg i Oslo. Vi kan og vil gjerne programmere for heile landet, i samarbeid med heile landet. Vi er berre lojal mot litteraturen og den offentlege samtalen, og når den treng større hus enn det vi sjølve har, og geografisk spreiing til alle delar av landet, då tek vi ansvar for det.

Mange bøker, få forfattarbesøk

Og i Longyearbyen sit altså Elin Anita Olsrud omringa av det ein kallar ekte vinter. Minus tjue gradar som kjennest som minus tretti på grunn av sterk vind. Men bibliotekssjefen sit i eit bibliotek som vart nominert til Årets bibliotek i 2018, og som har 19000 bøker, men som er plassert på ei av dei meir isolerte øyene i verda. Likevel telde Olsrud i 2019 ti tusen utlån og 35000 besøk – turistar ikkje medrekna.

BILDETEKST, ELIN OLSRUD: Bibliotekssjefen på Longyearbyen er glad for iniativet frå Litteraturhuset om å samlast rundt samtale om utvalte bøkerog forfattarar.

Men kjem forfattarane og formidlar bøkene sine? Få, med unntak av dei som kjem til Longyearbyen Litteraturfestival. Er strømming frå eit arrangement eit anna sted eit godt alternativ? Olsrud skriv i ein e-post at det iallfall var godt teke imot:

– Det blir fleire runder med dette, skriv Olsrud, og forklarar at det var Litteraturhuset sjølv som tok kontakt og tilbydde opplegget. «Dette vil vi gjerne vere med på» tenkte Olsrud etter det første arrangementet, og angrar ikkje. På Longyearbyen er direkteoverføringar frå sør og frå fastlandet ganske vanleg, så alt av teknisk utstyr var på plass.

– Men det trur eg nok at det er i andre bibliotek også, legg Olsrud til, og fortel at ti kom for å sjå Gran og Steen, og åtte såg Solstad og Bleken:

– Vi hadde nok håpa på fleire publikummarar. Nær halvparten av dei som bur i Longyearbyen er ikkje norskspråklege. Og dei som var her har vore godt nøgde. Dei blei sittande att ei stund i etterkant for å prate. Det var på eige iniativ – Olsrud måtte sjølv dra heim til familien. Men ho registerer at Longyearbyen har kanskje særlege føresetnadar for å ta imot Litteraturhuset i Oslo:

– Det er kanskje ekstra spesielt for oss på Svalbard å få ei «litterær smakebit» frå storbyen. Vi lever isolert utan naturleg tilgang til litterære aktivitetar med unntak av dei vi lagar sjølv.